søndag 4. januar 2009

Nytt år, og nye myligheiter...

Nyttårsgjestane er reist heim att, julepynten sanka saman og på vei inn i skuffer og skap. Det er tid for ettertanke..
Korleis har det gamle året vert, og kva kan ein forvente i det nye... Ser ein på Dagsrevyen er det slett ikkje noko øyeblikkelig forbetring frå i fjord, heller det motsatte.
Konge og Statsminister har tala, men tek vi det til etterretning, eller ventar vi litt og ser... Ein ting er i alle fall sikkert. Kvar og ein av oss må begynne i det små, og etterkvart utvide kretsen av gode tankar og gjerningar.

Nyttårsforsett har eg aldri hatt. Det ville ikkje fungere alikevell, eg er nok eit skippertak-menneske. Det er ikkje lenge sidan eg tenkte at no må UFO,ane ut av skapet og få eit verdigt liv. Så starta eg på Brann-gensar medan tanken var ganske ny. Men dette er ikkje handarbeid i godt selskap eller foran tv-kassa. Tenk å lage noko så kjedeligt mønster, brukte ein dag på å bestemme meg for korleis eg skulle angripe saken. Det endte med klippavtrådenforkvaromgang.

Nei då er det mykje enklare med noko så kjedelig som sokkar. Glade vårfargar, sola inn over stovegolvet, og eg hadde vårstemning i heile ettermiddag. Om eg no får den andre sokken tilnerma lik, så har det vert ein vellykka dag, i all fall her hos meg.

Eg skal rydde i UFO,ane ein dag seinare, trur eg...


4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Hei, og godt nytt år! Ser det er mange som held på med å rydde vekk jula. Eg har ikkje begynt enno, men det er vel like før. Einig med deg i at det er greitt med strømpestrikk. Det var det einaste eg orka å begynne på i romjula. Men no har eg leita fram ein ufo og begynt på ein hals......

Turid sa...

Så var jula over , et nytt år står klart foran oss til bruk.
Må nok jobbe i det små som du sier , så kan vi nok bidra litt alle sammen for at alle skal få det bedre...
Julgjestene våre er å reist, da er liksom jula over. Tenker at nissene våre kopper i eska på onsdag.
Fine lesta du strikker, synes ikke det er så viktig at de er like, synes de er morsom når de er forskjellige , bare at de er strikka av det samme garnet da.
Ei ny og fin uke ønskes deg.

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Hei
Sitter her klar til å høste juletreet! Fillejobb ;) Litt tidlig i følge de andre i heimen, men nå er de på arbeid og skole, så...

Jeg ble inspirert av de flotte vårfargene på sokkene dine, herrlige!
Håper dere får litt vinter snart, best at den kommer i jan/febr, ja.

Hilde C. sa...

Det som er greit med UFO'er i strikkeverdenen er jo at de ikke flyr sin vei. De ligger der til man får lyst til å gjøre noe med dem :-)