mandag 21. april 2008

Vår......

No er det ikkje tvil lenger, våren er komt. Dette er den flottaste helga eg har opplevd på hytta, sidan eg flytta inn. Måtte det bli mange fleire slike.........

Rababraen som kom til øya i fjord vår i ein ryggsekk, har bestemt seg for å komme opp. Men her har eg både kjefta og bedt, den måtte berre ha litt tid på seg.

Ved utedoen blomstrar det flott. Do,en er naboen sin, og ikkje i bruk til vanlig. Men då vi har pumpe på brønnen, er det greit å ha reserveløysing om strømmen går.

Sjå kor stilt det er på sjøen. Men det er ikkje alltid slik, det er ikkje utan grunn at det er bardunar på trampolina. Bak øyane ligg Nordsjøen, neste øy blir Shetland.


Det aller meste av møblar på hytta er arva, fått, eller kjøpt på bruktbutikken. Dei 4 siste stolane fikk ein ansiktsløftning i helga. Fargen heiter Romantikk (Vanilje) og er den samme som på kjøkkenskapa. Stoffet er maretimt blått m/smale lyse striper, samme som sofaen.

Synes sjølv dei blei ganske ok, varer nok ikkje evig, men det er artig å drive med gjenbruk på denne måten synes eg.

Inn i mellom skal ein slappe av, og på sørsida var det kjempefint. Og så varm og fin var sola.
Gensaren blei nesten ferdig, men så mangla eg ein halvmeter med kvit tråd.....
Det ordnar seg nok, her alltid nokon posar og leite og sortere i..





6 kommentarer:

Eva sa...

Så heldig du er som har hytte på et så flott sted! :)

Anonym sa...

Det ser herlig ut!! :D

Hilde C. sa...

Åh, så vakkert det ser ut! :-)

Lena sa...

For noen nydelige bilder! Der har i alle fall jeg funnet fred i sjela... Kos deg masse i sola:o)

Lena sa...

Der HADDE skal det stå *ler*

Sologbolig sa...

Nydelig sted å ha hytte med utsikt og hav. Kos deg masse og ha ei fin veke.