Heime i godstolen etter nye 14 dagers tokt i havet. Sjølv med 12 timers vakt blir det litt tid til sosialt samvær, om ikkje alle dagar, eller turar er like.
Det felles samværet blir ein time eller to om kvelden, til håndarbeid, film, spill, smykkelaging
eller bingo ein lørdagskveld. Er eg for trøtt, kryp eg opp i senga med ei god bok, eller slapper av med strikketøyet på lugaren.
Denne gangen vart det ein svært travel tur. Ikkje hadde eg huksa og ta med noko morsomt handarbeid, noko krisearbeid har eg alltid liggande. Men... i mitt og avløysarens felles skap har stått ein pose med ein nett påbegynt gensar i snart 2 år. Var nok tenkt i str. 6 år, men er nå blitt 8 år. Ein gensar blei ferdig, pluss armane til nr. 2. Bortsett frå mønsteret gjekk det kjapt på pinnar nr. 4. Dama har tvillingar.....
Korleis eigaren reagerte... anar ikkje. Eg la gensaren og ein lapp på senga. Om ho blei rasande fekk ho ringe kjapt og rase frå seg, blei ho litt glad kunne ho vente til vi hadde vår faste telefon-møte. Har ikkje høyrt noko enno, men har lova og strikke ferdig gensar nr.2 også.
Syntes nokon eg var frekk, så er det lov å uttale seg om det........... eg veit det var litt på kanten.
Men tenk om jentene frys, og ikkje har så mange heimestrikka plagg, hensynet til barn skal alltid komme først.
God helg til alle, eg reiser på hytta i morgon og har med håndarbeid......
10 kommentarer:
Utruleg tøft mønster! :) Synes du gjorde ein fin ting eg.. Ho blir heilt sikkert fornøgd ;)
God tur på hytta!!
Jeg hadde blitt glad jeg! :) Enig med Bea: Tøft mønster!
Det skal vere lettare å få tillatelse enn tilgivelse heiter det.
Nå har eg fått begge deler....
Eigaren av trådnøsta har ringt, er kjempefornøgd, og lurte på om eg verkelig ville strikke ferdig gensar nr. 2 også. Og det hadde eg jo allerede låva.
Men tvillingane har ei storesøster, og kva då..... må eg då seie som Ole B, ja-takk begge deler...
Det må ha vært litt av en overraskelse å finne en ferdig genser. Men har garnet ligget der så lenge må det det jo bare bli en hyggelig gest :-)
Hei,velkommen heim igjen,og takk for hilsen.Nydelig genser du har strikket,blir nok glad den som får den.Ha en fin uke!
Stilig genser!!
og morsomt gjort, når det har ligget så lenge bare MÅ eieren være fornøyd med litt hjelp :)
Håper du får en fin helg!
Veldig fin genser, og ein fin ting å gjere. God tur til hytta.
Flot trøje!
Hvis det var til mig, ville jeg bestemt blive glad!
For en flott genser! den hadde nok falt i smak hos min toåring,han er så opptatt av tog om dagen:) Kanskje jeg må be svigermor pent...:) God helg! klem fra silje.
Det må nå vera ein gledelig overraskelse. Håper du har hatt ei fin helg. Eg har vert i Stavanger og kosa meg der.
Legg inn en kommentar