onsdag 19. september 2012

Pledd til haustkveldane..

 For leeennnge sidan starta eg på eit strikkepledd på jobben. Men, akk..., så kjedeligt arbeid. Etter fleire runder ut og inn av skapet, blei det til at eg tok det med heim i vår.
 Så vart det for nokre veker sidan ei ny historie med ei tå. Ikkje brudd denne gangen, berre 2 brest.  Og då vart jo dette eit flott "sitte i ro" arbeid. Medbrakt krykker var eg på ein busstur til Stockholm i denne tida. Trådnøsta blei med, og 2 av ferievenene mine strikka også.

No er teppet ferdig, har fått påhekla "blonde-kant", og ventar berre på ein aldri så liten toveprosess. Må nok bruke ei stor vaskemaskin, så teppet skal få ein ny tur i havet.
Seinare skal det bli koseteppe på terassen, i seine haustkveldar, medan eg nyt tekrus og solnedgang.

Strikkegarn: Tove frå Sandnes.  Strikkepinnar nr. 4.  Mål: før toving, 1,45 x 1,25.

God helg

6 kommentarer:

Turid sa...

Kjedelig arbeid , men for en glede når arbeidet er avslutta og teppet kan nyyytes.Gratulerer med godt arbeid!

Elins Strikkeri sa...

Det vert nok eit skikkelig koseteppe!!

Svalen sa...

Synes slike pledd er så koselige, og så former de seg så godt og varmt rundt kroppen:)

KariL sa...

Gratulerer med vel utført arbeid. Imponerande. Blir nok kjekt å ha utover hausten og gjennom vinteren.

KariLklem:)

STRIKKEMOR(O) sa...

Ser ut som eit herleg pledd!

Timotei sa...

Så fint det ble! Godt å ha noe å varme seg på til vinteren :)