fredag 9. desember 2011

Skilpadda Kari

Bunn..







Hovud og hatt...





Skilpaddeskall...







Ferdig montert...

Sist eg besøkte søstra mi, Kari; fikk eg overlevert ein pose garnnøster og eit halvferdig, umontert arbeid.. Orkar du overta dette, eg blir gal. (les: eg får migrene). Ja, då er storesøstre godt å ha. No skal det seiast at Kari er flink med hendene, og får til det meste.. Men så var det tolmodigheita (og migrenene) då... Slik kom det ei mengd halvferdige lappar inn i heimen.






Eg prøvde å dytte det over på husets datter, lokka med både middag og kaker. Etter å ha hekla saman nokre ruter, gjekk resten nesten vegg i mellom... Nei Takk, andre sine halvferdige produkt er det verste eg veit..






Ja-ja, så var det å ta fatt sjølv. Og no er skilpadda på veg heim til Sunnmøre på snølagte vegar..






Ha ei flott helg !







3 kommentarer:

Linda sa...

Ho vart no fine då! Eg likar heller ikkje andre sitt halvferdige arbeid. Har meir enn nok med mitt eige. Ha ei fin helg.

Elins Strikkeri sa...

Så flott skilpadde!! Enig med deg ikkje noko kjekt med andre sine halvferdige arbeid:))

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Det var sannelig ei snill søster. Nåja, at du er snill vet jeg jo da :)

Man får fortsatt telefon med taster, iallefall i nettbutikker. De er smø og "lea-lause" å trykke på disse såkalte smart-telefonene. Hvem som har kaldt dem det, skulle jeg gjerne visst. Liker masse med min nye, men taster ER enklere enn "ta-på"