lørdag 24. desember 2011
mandag 19. desember 2011
Julegavesokker....
Mor har 11 barnebarn, dei fleste med samboer/kjæreste.... og 14 oldebarn. Høgt på ønskelista er heimestrikka sokkar, og dei fleste får det....
Slik hang nokre av dei på badet, nydampa og med navnelapp då eg kom. Så då var det berre å ta fatt med innpakkinga......
Ha ei flott førjuls veke rundt omkring, og ikkje slit dokker ut !
fredag 9. desember 2011
Skilpadda Kari
Sist eg besøkte søstra mi, Kari; fikk eg overlevert ein pose garnnøster og eit halvferdig, umontert arbeid.. Orkar du overta dette, eg blir gal. (les: eg får migrene). Ja, då er storesøstre godt å ha. No skal det seiast at Kari er flink med hendene, og får til det meste.. Men så var det tolmodigheita (og migrenene) då... Slik kom det ei mengd halvferdige lappar inn i heimen.
Eg prøvde å dytte det over på husets datter, lokka med både middag og kaker. Etter å ha hekla saman nokre ruter, gjekk resten nesten vegg i mellom... Nei Takk, andre sine halvferdige produkt er det verste eg veit..
Ja-ja, så var det å ta fatt sjølv. Og no er skilpadda på veg heim til Sunnmøre på snølagte vegar..
Ha ei flott helg !
Abonner på:
Innlegg (Atom)