søndag 27. november 2011

Sure haustdagar...

I morgon er det 1. søndag i advent. Kven skulle tru det når ein ser ut vinduet... No har "Berit" rast frå seg her på desse kantar, og ein kan ane ein stille og koselig heime åleinekveld. Huset har fått litt adventsstemning og strikketøyet er innen rekkevidde...


Tidligare denne veka hadde eg nokre dagar på hytta. Og det var då "Berit" hadde si storheitstid. Då er det godt å kunne fyre i ovnen, fylle tekruset og finne strikkepinnane. Det blir dårlig søvn, men desto meir strikking og lesing på slike dagar.
Når storsjøen bryt som verst er det verkelig eit fasinerande syn !


Ha ei fortryllande flott helg alle saman...

3 kommentarer:

sologbolig sa...

Ja, godt at ho Berit er reist for denne gong. her er vi ikkje så hardt ramma, men det har ruska godt i husa og då vaknar eg lett. Ha ei fin adventshelg. klem frå SIGFRID

Linda sa...

Godt å sitje inne ved peisen når det er så ruskete ute. Her inne i sogn har ikkje me merka so veldig mykje til ho Berit. Ha ei fin adventstid.

Turid sa...

Siden alle snakker om ho "Berit" må vel æ også nevne ho - vi traff ho heldigvis ikke -egentlig lite uvær her vi bor - bruk å si at vi bor i "armkroken til vår Herre".
Er imponert over alt dere greier å produsere av strikkerier, så fine ting!
Ha ei flott adventstid videre!