søndag 14. november 2010

Kjøpestopp.

I tider med julegave-produksjon, som ein ikkje bør blogge, går tankane andre vegar. Etter ein større opprydning i div. skuffer og skap, er saken klar. Her blir det innkjøpsstopp resten av året, og langt ut i neste..
Dette er strikkegarn, og litt heklegarn, sotert etter garntypar. Her skal det bli mykje rart, når berre eg får tid..
Om nokon skulle skimte ei rekke korger i venstre billedkant, så er det stoff. Må jo ha det klart om eg brått skulle få lyst å sy.
Stadig vekk så er det noko på tilbud, eller er spesielt på ein eller annan måte. Og då er det jo greit å ha kjøpt det, så det ligg klart når ein skal starte, eller...
Men no er det stopp, lenge....
Ha ei flott veke !

7 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Det er kjekt å ha litt garn på lur, men det blir fort for mykje! Eg har nok mykje meir enn du, og burde hatt kjøpestoff for lenge sidan. Men det er enklare sagt enn gjort! Ha ei fin ny veke, og kos deg med julegåveproduksjonen!

Stubbetufsa sa...

Til lykke med arrangering av stor messe!
Klem!

Hilde C. sa...

Her har du jammen litt å boltre deg med, og det er jo bare gøy :-)

Wenche sa...

Greit å ha litt på lager:) Er imponert over lageret ditt, trur eg har berre eit nøste med trå i mitt lager:)

Liv sa...

Ja, du har litt du også, men overkommelig allikevel - omtrent som mitt.
Jeg holder på med en reduksjon, og ønsker å få det ned på 5 kilo. Nå er det ca 7,5. Så lenge jeg vet hva jeg har og holder kontrollen er jeg fornøyd. Vil ikke opp i 20 og mer som mange har.

Lykke til med arrangement av messe. Det er moro med messe, og godt at noen tar ansvar for å holde slikt i gang.

Linda sa...

Var no ikkje stora lageret detta her. Har myklje meir eg. KJekt å ha.....veit aldri kva ein kan få bruk for :)

Anonym sa...

Skal tru om eg har like mykje om eg samlar alt på ein plass? ;)