torsdag 19. august 2010

Små og store hendingar..

Skjeldan har eg opplevd så mykje på ein sommar som i år, og like skjeldan har eg vert så lite aktiv på handarbeidsfronten. Men ein flott sommar har det vert, sjølv om det vart lenge å vente på den, og enno er den ikkje forbi.. Blogging blei det og lite av, er nesten ikkje heime..



På veg heim frå jobb no i august. Ein mellomlanding på ein oljetanker blei ikkje heilt som forventa. Ca. 4t. venta vi på vidare flyging. Folk er slitne etter 14 dagar i "olja", då er det greit å slappe av under helidekk. (med feber og bronkitt kan ein like godt ta ein skikkelig blund....)





Sengeteppet på hytta veks litt etter litt. 10års prosjektet er snart ferdig, greier det kansje på 8år. For å skryte litt, alt er handsydd.




Ny Bergenstur med mor. To dagar med eit sørgelig regnveir, slik det kan vere i den byen. Litt shopping blei det, og familiebesøk. Resten blei innekos på hotellet, med følelsen av å vere fine damer... og det var vi der og då...





Sykkeltur på Rallarveien. Toget opp frå Flom til Haugastøl. Sykkel tilbake til Finse, og overnatting. Neste dag vidare ned til Flom. Ein nydelig opplevelse som anbefalast....

Den sterkastes rett gjelder her og.... geitene på veien, sykklisten på enga...






Ny sykkeltur, her med Florø Turlag. Dei fleste kom med rutebåt til Villevika. Her går Nordsjøløypa vidare til Sørgulen i Bremanger kommune. Ein flott opplevelse dette og....







Med dette vakre buss-skuret langs løypa, ynskjer eg alle ei flott helg. Etterkvart blir eg nok meir på bloggen, og kjem innom og helsa på kvar enkelt av dere..

Men ikkje kommande veke, skal til BERLIN.......







6 kommentarer:

sologbolig sa...

For eit nydelig teppe !!
Ser du har hatt mange flotte opplevelsar i sommar, det er godt å ha fine sommarminne i ryggen når hausten og vinteren kjem. God tur til Berlin då, der var eg i sommar (har eit reisebrev på bloggen min) Vi var i Berlin i 1999 også og eg skal sei at det var stor forandring frå då. Gled deg masse. Klem fra Sigfrid

Gamleheksa sa...

Du store min så mye du rekker!!! Godt å komme seg rundt litt. Men hytta er nå vel kanskje favoritten....
Kanskje teppet er ferdig når jeg kommer?? Da må du love å gjemme det godt så jeg ikke finner på å søle et eller annet på det.

Riktig god tur til Berlin!!!!!

Jorunn sa...

Så mange flotte bilder!
Teppet blir nydelig..., og artig med alle geitene på veien.

Strikkebesta sa...

Det er visst ikkje berre strikking du bedriv, ser eg - flott teppe du lagar!
Elles ser det ut som du har hatt ein uvanleg aktiv sommar:)
Takk for hyggeleg kommentar hos meg, og takk for invitasjonen:) Eg sa til mannen min når vi vel var heime etter turen at neste år blir eg gjerne med på ny tur, men ikkje meir enn ei veke i slengen, og ikkje lenger enn til Sogn og Fjordane, for det fylket har nok å by på for båtfolk. Han er nesten einig med meg, einaste ankepunktet hans er det usikre og til tider kalde veret. God tur til Berlin!

Stubbetufsa sa...

Jeg er også imponert over hvor mye du når på! Og at du snart har brukt opp garnet jeg hadde med fikk jeg med meg.
Men det teppet tar kaka. Håndsydd!
Det ble utsøkt fint, Maret!
Fint å se at mor di fortsatt blir med på turer!
Klemmer til dere!

Wenche sa...

Så kjekt at du har ein aktiv sommar:) Du kan gjere handarbeid til hausten:) Gratulerer med ny terasse. Den blir fin å sitte på å nyte lange solfylte og sjå på den flotte utsikta som du har. God tur til Berlin!!