Vel heime att frå Tyskland, er det tid for å dele bilder og inntrykk. Berlin er ein storby som i dag er vanlig å besøke, og dei fleste som er der har vert innom bysightseeing og alle serverdigheitane. Likeså romantiske kafeer og digre varehus... For meg var alt dette nytt og spennande, og har ikkje du vert der enno, prøv å ta turen. Du vil ikkje angre.
Det som for meg var ukjent, var Spreewald. Vi kom til småbyen Lubbenau, der turen på kanalane starta. Smale pramer, Kahne, som blir staka framover på kanalane inn i sorberenes rike. Sorberene er eit vestslavisk folk som har beholt sitt eige språk og kultur. Desse fiskerike kanalane var stort sett berre 1-2m djupe, og hadde ingen form for forurensing. Her kan man leige feriehus, ta turen over til naboen, handle på hjørnet. Ja, stort sett kan ein leve eit normalt liv, berre ein har ei prame å ta seg fram med.
Er du først komt til Tyskland, må du prøve å få med deg dette...