Søndag var det "øyane over" med Turlaget. Ein årlig tradisjon, som ofte samlar mykje folk.
Denne søndagen var det 95 små og store som tok turen. Start var kl. 0700 og heime att på fastlandet kl. 1900. Ein kjempeflott dag, med sol og mykje natur.

Turen går frå Florø med båt til øyane Hovden, Skorpa, Store Batalden og Kinn. Kvar øy har eit fjell som kan bestigast, eller om ein heller vil, ta ein fjæretur rundt øya...

Mellom øyane blir ein trykt losa av gode båtar og stødigt mannskap.

Lang, lang rekke....

Lenger vest kan ein ikkje komme. Det ein ser her er faktisk Nordsjøen...

Kinn er mest kjend for det merkelige "skaret" i fjellet, som var eit seilingsmerkje i gamal seglskutetid. Men det er litt plundrete og gå over, mykje ur og glatte partier.
Høgskaret, derimot er flott. Vel oppe kan ein ta ein pust, og kaste blikket sørover. Der ligg Alden, like flott som alltid...
Blir stille her litt, skal heim til ho mor.