
Kjært barn har mange navn. Slik også her.. Dette er sokkar til stor og små, av restegarn frå heimen, og litt i "tølene" til mor. Det hender eg ryddar (les: rotar) hos ho også.

Dette er produksjonen frå utreisa til jobben i Nyttårshelga, litt på hotellovernatting, og resten etter at eg kom ombord. Og ofte er det slik at sokkar får ein aldri nok av.
Derfor har eg gjort meg nokre tankar om sokkar, kansje eg er både sprø og gal...
Men det passar meg godt, så lenge tanken er god.
Den 7.april reiser eg frå Ålesund med Hurtigruta, opp til Kirkenes og tilbake til Florø. Ei veninne skal være med, også mor hennar, og mor mi. På slike turar skal ein sjå, og oppleve. Men inn i mellom er det greit å rasle litt med strikkepinnane. Og eg vil strikke sokkar til kvinnene i Albania. Liv har tidligare, og vil fortsette å fortelle om desse kvinnene, som så sårt treng gode varme sokkar. Eg har snakka med henne om tankane mine, og fikk god respons..
Tenk om vi kunne hatt strikketur på Hurtigruta. Om andre strikkeglade damer kunne ha vert med lengre, eller kortare turar. Nokon ville kansje berre komme ombord under landligge, ta ein kaffikopp og helse på, og kansje ha med litt restegarn...
Eg veit tanken er sprø, men eg likar litt slike sprøe ting....
Om eg verkelig fikk dette til, så kunne eg sende dagbok kvar dag og fortelle om strikkelivet ombord. Litt opplysningar om vær og vind, og kva havn vi har besøkt, og skal besøke..
Då har eg berre ei lita bøn, slik seint ein søndagskveld.
Kunne alle som er innom spre budskapet på bloggen sin, og oppfordre sine bloggvenner til å spre nyheiten vidare..
Ha ein fin søndagskveld.