Så er eg tilbake, og no med kamra. Har hatt problemer med å få kopiert bilder, då det er sperre og "brann-murar" på det meste her på jobben. Av og til føler eg at det må vere lettare å bryte seg inn i Norges Bank. No har eg fått låne eit jobb-kamera av stuerten, snille mannen... At det er første gongen eg fotograferar med speilrefleks, snakkar vi ikkje om..
"No ser du her, og trykker der, så går det så greit så.."
Ikkje har eg fått tilgang til alle program enno, heller.. Som før skrevet, ting tar tid.

Men strikka har eg. Denne gensaren er produsert av berre Sandnes Falk,s strikkegarn. Dei som er innom her av og til, vil nok kjenne igjenn fargane etter 3 OL-gensare. Litt eldre nøster av ulike størrelsar er også gått med... Greit å få vekk restar. Dette blir nok ein basar gensar, påbegynt på reisa til Trondheim for 14 dagar sidan.
At eg var så ivrig i den nye jobben at eg kom eit døgn for tidlig, er heller ikkje noko å snakke om. Det viktigaste var at eg hadde med strikketøy til ein kjedelig hotell-dag, og at sola stråla over byen..
Litt sokkar er også under arbeid, samt vottar .. Jul snart, men kansje kjem dei på bloggen før den tid.
Og om nokon lurer, enno ei veke til eg skal heim. Lang tur dette, men ekstra opplæring, ting og tang. No føler at det er heilt ok, stortrives..
Ha ei fin veke, alle der ute...