tirsdag 23. juni 2009
tirsdag 16. juni 2009
Ullvest.
mandag 15. juni 2009
På sykkel Værlandet-Bulandet
Etter kvart vart vinden sterkare, sterk nordavindskuling og fotografering frå sykkel gjev ikkje det beste resultat.
...........................................
............................................
Langt ute mot vest der havet storfelt bryt-
der mange holmar, øyar opp seg skyt.
Og om du tel dei, vil du få til svar
- at talet er som året dagar har.....
torsdag 11. juni 2009
Ullsokkar og pulsvarmare...
Pulsvarmarane er ferdig og hua på strikkepinnane. Tråden er Artic, strikka på p.nr. 4. for å få dei litt faste. Her har eg ikkje oppskrift, har prøvd meg litt fram. Har laga hull til tommeltott, hekla rundt denne med fastmasker, så den skulle halde på fasongen.
tirsdag 9. juni 2009
Pausebilder
medan fotografen avslutter div. strikkeprosjekt. Har minst 3 forskjellige arbeid på gang, pluss ein pose med bestemorsruter på hytta... men det kjem, det kjem.
torsdag 4. juni 2009
Ei Bestemor om dagen...
I dag var beslutninga tatt, og då skjer ting fort, veldig fort her i heimen......
Medan eg står der og sorterer trådnøster på Europris, ser eg brått at eg er utan sokkar og i tøfler..... No er vegen kort, veldig kort. Men alikevel.... Er heilt sikker på at eg hadde pussa tennene, og ellers var heil og rein i klærene..
Ei bestemor om dagen, kan lett bli Ei bestemor i magen..
God helg til alle, i morgon ventar hytta på meg.
Oppskrift på nåleputer...
Wenches Sysler spør etter oppskrift på nåleputene mine. Då den einaste eg fann var på engelsk, har eg "sysla og pusla" mi eiga. Kansje nokon andre har den på norsk...
Legg opp 6 luftmasker til ein ring.
Hekle 12 staver i ringen.
Hekle så 2 f.m. i 1.stav, 1 f.m. i neste stav ut omg.
Hekle så 2 f.m. i 1.stav og 2 f.m. i dei 2 neste stavane ut omg.
Fortsett slik til det er 9 f.m. mellom kvar doble fastmaske.
Hekle 2 like runde lapper som hekles saman med fastmasker til slutt.
Lat det vere att eit lite hull, der ein fyller i vatt, hekle så att dei resterande fastmaskene.
( Puta må vere litt full og fast...)
Så hekles ein omgang med fastmasker rundt heile puta, lag ei lita løkke til slutt om ein ynskjer det.
Pynt med ein tråd i kontrastfarge, som på foto, og dra godt til. Sett gjerne ein knapp eller sløyfe i sentrum av puta..
onsdag 3. juni 2009
Nye nåleputer
tirsdag 2. juni 2009
Krystall og heklebrikke
Så blir det ein liten sommergave til snille naboer, som alltid gir ei hjelpandes hand.
Abonner på:
Innlegg (Atom)