Onsdag reiste eg på hytta for å ta inn resten av hagemøblane og div. blomster-urner. Og det var så abselutt i siste liten. Natt til torsdag kom uveiret med mykje vind, enda meir nedbør, godt krydra med lyn og torden. Inne var det varmt og godt, men søvn vart det lite av. Fredag fann eg det best å komme meg heim at, medan det ennå var råd å reise over fjorden. Og heime, utan straum i fleire timar.

Med på tur hadde eg det nyinnkjøpte camel-spin garnet. Etter ein tur på hespetreet blei det starten på eit skjerf, etter engelsk oppskrift. Og det gjekk mykje betre enn venta....

Enno ser det kansje ut som ei sildenot, men dette vart slett ikkje verst. Lurer på om eg kansje brukte litt for tjukke pinnar, men så mjukt og herlig som det vart. Arbeid i kveldsmørke med oljelampe og stearinlys er det derimot ikkje.

Til kveldskos og tv må det vere noko enklare. Då er gryteklutar greit. Dette garnet heiter Bernat, og var med heim frå Canada.

Desse gryteklutane er nesten heilnorske, 2 firkantar som er lagdt i stjerne og hekla saman til slutt. Fant eit par klutar på Farmers Marked, måtte berre kjøpe dei så eg hadde oppskrifta. Har aldri sett desse før...
Er blitt litt mykje gryteklutar, kansje 6-7 par. Men det er då jul snart, bursdagar, julemesse og.......
Ha ei fin helg, alle bloggvenner.