torsdag 26. juni 2008

Tilbake på nettet, nesten....

Så er eg delvis tilbake på nettet, etter den store flyttesjauen. Heime er enno ikkje telefon og data kobla, då er det godt at man skal på jobb mellom øktene.
Ikkje er det noko spennande og fotografere der heller. Det er liksom pappesker som tar mest plass enno, men det skal bli betre.
Ein svoger sa det så flott under største sjauen: hadde ikkje du hatt så mange bøker og alt dette handarbeidet, så hadde flyttinga vert ein enkel jobb.
Når det vert litt meir orden i heimen får vi komme tilbake til fotograferinga.

Ynsker alle blogg,ere ein fin sommer og god helg...

tirsdag 3. juni 2008

Flytte-sjau....

No er eg midt i den travligaste økta. Ut av huset og inn i ny leiligheit. På fredag går resten av flyttelasset, etter at eg i lengre tid har pakka og sotert. Loppemarked, bruktbutikken, hytta og eigne barn har vært med på lista av mottakarar.
Her blir det ein aldri så liten pause ei veke eller to, til eg har fått innstalert meg i den nye heimen og funne at pc,en.
I mellom øktene tek eg nokre pausar på verandaen, vil då ha litt føling med sommaren...
Til alle dykk som er innom: Ha fortsatt ein kjempefin sommar, nyt dagane og kos dokker....

torsdag 29. mai 2008

Tagging.


Eg er blitt tagga av Solveig.


Ting tar tid, men no er eg tilbake i heimen og på bloggen.


Reglane kjem i starten av innlegget. Kvar spelar svarar på spørsmåla om seg sjølv. I slutten av innlegget gir du den vidare til 6 andre personar og fører opp navna. Så går du til bloggane og legg igjen kommentar om at dei er tagga og ber dei lese din blogg. La personen som tagga deg vite når du har lagt inn svar.



1) Kva gjorde du for ti år sidan? Som i dag, jobba i "olja".


2) Kva er 5 ting på å gjere-lista mi i dag? Sortere, hive, pakke i pappkartonger, rydde, nyte sola frå verandaen mellom øktene.

3) Snacks eg liker: Sjokolade........


4) Ting eg ville gjere dersom eg var milliardær (eller billionær): Reise ut i den store verden, og tatt Norge på kryss og tvers når eg kom tilbake. Med slike summar skulle eg ha delt raust med ungane mine, og gitt ein fin pott til Frelsarmeen.


5) Stadar eg har budd: Bergen, Os i Hordaland, Gjøvik, Melhus i Sør-Trøndelag, Sunnmøre.


6) Disse folka vil eg vite meir om: Anne-Berit
Evas univers
Lena


fredag 16. mai 2008

17. MAI

Hipp, Hipp, Hurra for 17.Mai.

Måtte sola skine, og alle der ute rundt omkring i landet få ein flott dag.
Sjøl skal eg feire dagen i havet, muligens for 10.gong.

Dagen starta med flaggheising og sang kl. 0800 på Helikopterdekket, eit lite tog med skramle-orkerster er ute og ruslar i fult verneutstyr litt seinare på dag. Om kvelden blir det tale ved plattformsjef, utdeliga av premie til flottaste kostyme i toget. Kvelden blir avslutta med bingo.

Heile hotell-delen er pynta med friske blomster, komt fra land i dag. Men bjørk er det lite med.

Både til lunch og middag blir det ekstra oppdekking, ingenting manglar ein slik dag.

Hadde eg gløymt is-kremmen, alle får is på dekk etter toget er avslutta.
Og om nokon lurte, ja enkelte pyntar seg i bunad også.



lørdag 10. mai 2008

God som ny....

Denne gyngestolen kjøpte eg for nokre år sidan på bruktbutikken, og den var pent brukt. Då den var utruleg god å sitte i blei bruken deretter. Og slitasjen blei større og større, ikkje nytta det å snu puta til slutt heller.

Ein dag "gullungen" (dattera mi) var innom seier ho så flott: jammen mamma, eg har då så mykje slike møbelstoff-restar liggande. Fått av ei veninne som rydda på jobben. Detmed fikk stolen ein ny vår, midt i beste kyrkjetid ein søndag for litt sida.
Ynskjer alle som er innom ei flott pinse....