onsdag 29. august 2012

Nytt inn og gammalt ut...

Ny PC i heimen. No skal det bli betre tider, både på bloggen, nettbank og andre plasser. Har i lengre tid lånt ein pc som ikkje alltid ville som eg ville... Det er både kjedeligt og frustrerande.
 
All den gamle "skiten" er på veg ut av huset. Samtidig så liker eg ikkje dette kjøp og kast greiene. Men slik er verden blitt, og innen teknologien er det ikkje vits og samle opp, og tru at ein får bruk for det ein dag..

tirsdag 10. juli 2012

Årets ferietur....

Farmor er nett komt heim frå det store utland. I 2 veker har eg vært på besøk hos "minstemann" og familien. Det var stort å få helse på lille Gavin, som hadde rukke å bli over 4mnd.
Vondt å tenke på at det er lenge før eg ser dei att. Med lange reiser, stor tidsforskjell, 4 flybytter kvar veg, så er det ikkje berre å reise spontant. Nokså dyrt er det og...

I morgon er det ei anna reise som er på gang....  jobb.  Ha ei flott veke rundt omkring!

søndag 10. juni 2012

Sommertopp i Svale


Denne sommertoppen blei ferdig no tidlig på våren. Den er strikka i Svale, ein blanding med bomull, vikose og silke. Eit skikkelig flott garn å strikke med, og behagelig å ha på kroppen. Den er til meg sjølv, og eg er godt fornøgd med resultatet...

fredag 8. juni 2012

Kakebord til helga....


No i desse streiketider er det ingen ting som er normalt...  Eg er på jobb i havet, og vi merker streiken godt her også. Merkelig stille på helikopterdekk, liten trafikk...
Heldevis streiker ikkje vår suverene baker Jane. Gode kaker har ho alltid, dette er nok frå tidligare, kansje påske. Til helga skal vi kose oss att, og håpe på at det meste er ok over helga...  Vi vil så gjerne heim, vi to, og fleire med oss.
  
God helg til alle blogg-vener!

søndag 3. juni 2012

Bursdagsgave...

Når man er så heldig å ha ei handarbeidsintresert datter, då kan det mest spennande bli til gaver.  Når den samme jenta jobber på strikkebutikken, då må det berre bli full klaff. Dette flotte strikkepinne-etuiet med pinner i alverdens utgaver, var årets bursdagsgave, og mor blei aldri så lite taus eit øyeblikk.

Har ikkje fått prøvd dei enno, men det ordner seg straks.....

Takk skal du ha, jenta mi......