torsdag 19. mai 2011

Komler....

Då alle mors "håpefulle" var heime denne veka, stod det komler på meny,en...
Kjært barn har mange navn, komler-raspeballer etc. men smaken er den same. Og som sunnfjordingar flest, bruker vi sirup på, nokon må ha sukker også..
Dagens overraskelse var den Canadiske svigerdatter som for første gong smakte på menyen, og likte det. Porsjonen var nok ikkje i denne størrelse, men ned gjekk det..

mandag 16. mai 2011

17. MAI

Ynskjer alle bloggvener ein flott nasjonaldag !

Sjølv skal eg feire dagen med mine 3. Rotekoppen, Gullongen og Sukkerklompen m/frue. Kjært barn har mange navn.....
I slike anledninger samlast "storfamilien", og rømmegraut og kaker er i skuddet....

lørdag 14. mai 2011

På beite...





I perioder blir det mykje reising, då føler eg meg litt som desse her: på beitemark. Alpakkaene møtte eg på Hakalle-garden i Vannylven Kommune. Det er ein opplevelse-gard for store og små. Her kan ei kose med små og store dyr, gå på kafe, eller grille medbrakt. Eit flott tiltak til glede for dei besøkande.





Selja Kloster rakk eg også innom. Eit mektig byggverk på den vesle øya Selja ute i havgapet.


Om legenda om St. Sunniva stemmer eller ikkje, vakrare og meir fredfylt plass enn her ute ved havet, det er ikkje lett å finne.







mandag 9. mai 2011

Albania-sokkar

Siste rest av Albania-sokker er reist ut av huset. Nokre av desse har vist lagt på vent ei stund.

Her er sokker produsert av blogg-vener, mor, og litt meg sjølv. Det er Liv som tar imot, og sender vidare...

Takk til alle som har hjelpt til.

mandag 2. mai 2011

Utearbeid...

Med det flotte vårveiret vi har hatt på Vestlandet i det siste, går det slett ikkje å sitte innomhus. Nei, då er det å dra med seg alt ein kan trenge nokre timar, og innstalere seg på den felles terassen. Med kaffikopp og kjekspakke, koselige naboar og litt måseskrik, går praten og heklenåla. Teppe blei mykje større enn eg hadde tenkt, men no er eg straks i mål..

Ha ei ny flott veke, alle saman.