mandag 24. januar 2011

Gryteklutar.


Restegarn etter genseren kan godt brukast til gryteklutar. Den rosa velbrukte kluten er ca. 30 år, og hekla av mor. No var tida inne for å fornye litt, og dette er kjekt reise/vente på fly arbeid..

torsdag 20. januar 2011

Sommergenser

Denne genseren har vert på strikkepinnane i snart 2 år. Etter som arbeidet blei større, blei arbeidslysta mindre. Kansje mest fordi eg meinte den ikkje ville passe. Etter eit skippertak og mykje skirenn på TV, er den no ferdig. Og passer perfekt....



Garnet er Safran Bomull frå Garn Studio, På pinner nr. 3. Mønster har eg ikkje brukt, berre litt fantasi


mandag 17. januar 2011

Gutegenser...

Gensaren til Gromguten er ferdig. Dette er ein røff skule/ fritidsgenser strikka av Trysilgarn. Alt garnet, -2 nøster, er frå garnlageret. Str. 10-12 år.

fredag 14. januar 2011

Lyseblå hue...

Gromguten har pr. telefon bestilt ei lyseblå hue. Den skulle være litt lang, henge ned bak, og ha mange farger i ein stor dusk. Slik blei resultatet etter 9-åringens forklaringer. Den kan brukast med eller utan oppbretta vrangbord, alt etter kor lang han vil ha den.
Garnet er Silja, og pinnar nr. 3.
Det minkar i farmors garnlager no.... i morgon reiser hua til Fredrikstad.

Ha ei fin helg !

tirsdag 11. januar 2011

Skjerf frå Drops Desing

Enno nokre nøster er borte... Denne gangen til skjerf, oppskrift frå Drops Desing. Garnet er Baby Alpaca og Silke. Blanding 80/20, og pinnar nr. 5. ei nydelig mjuk og fin blanding. Dette skjerfet vil eg ha sjølv... har litt garn att, kansje blir det panneband.

Gromguten til Farmor har ytra ønske om ein ny gensar. Med både garnslanking og innkjøpsstopp i heimen, tek gensaren form. Måtte kjøpe 2 nøster med lys grønn, resten var ok..