

Så er huene ferdig, og er havna i skuffa for gaver....
Det var spørsmål om å få sjå dei ferdige, og her er resultatet. Kvikk Lunsj hua bør ha ein mørkare farge. Den andre hua miste litt av dei klåre fine fargane når den blei tova og børsta, men til gjengjeld er den tett og fin, og litt lodden..
I ein overgangsfase er det litt vanskelig å vite kva ein no skal sette i gang med. Utelivet er større her på hytta, men litt strikking på terassen blir det nok. Og snart blir det mørkare kveldar og innekos, så eg fryktar ikkje for arbeid framover...
Ynskjer alle ei fredfylt helg !