Berre ein har noko å fordrive tida med. Håpet for turen var Lofoten, og der har det vert ein fantastisk sommar, seiast det. Min ferie enda i Trøndelag, med slike nedbørsmengder at vi burde ha kasta ut dregg og tatt på redningsvest. Kva gjer ein då... Regnbukse og støvlar vart innkjøpt, men kvar tørkar ein slikt i ein bitte liten bobil..
Ein mjuk start på OL-gensaren,enno skin sola litt...
Og eg strikkar ikkje under fart, berre med "landligge...
Har ikkje med meir tråd, kven skulle tru at eg trengde store mengder...
På nærmaste samvirkelag var det salg på Falk-garn. Humøret stig, mønster og pinnar har eg med. Ein ny OL-gensar ser dagens lys, str. 10 år. Endar sikkert på basar, men den redda feriedagane mine...
Redninga er strikketøy, meir strikketøy, kryssord, kabal, suduko, og nokre flasker med vin..