
Sesongen er i gang, ullsokkane er kjærkomne gaver. Desse er strikka i østlandsgarn, mjuke og gode , men kansje ikkje av dei mest slitesterke. Størrelse 5-6 år og 8-10 år.

Her skulle det bli skikkelige robuste greier. Dobbelt sisu, slitestert og godt. Men noko skjedde undervegs.. Enten så var augemålet litt lite, eller lengda på nøste for kort. Eg har ikkje nok til tåa. Men tå skal det bli, berre eg kjem meg heim og får rota litt rundt i nøstehaugen. Kan ikkje love at den bli make i farge, men på plass skal den. Størrelse 10-12 år.
Å fotografere inne på ein liten lugar, med ørsmå gluggar ut i det fri, gjev ikkje noko gode resultat.