
Dette skal om nokre år bli eit dobbelt sengeteppe. Det er litt "til og frå" arbeid. Tøybitane har eg bretta godt rundt papir-malen og festa med binders. Eg skjønte fort at å bruke knappenåler her, det vart reine torturen. Så syr eg med små sting fra vranga, og det blir ganske greit synes eg.
Eg syr opp ein del "blomster-rosettar, før eg legg ubleika kvit i mellom. Rosettane er også eit greit arbeid å ha med på reiser, puttar tøybitane, nål og tråd, og negleklippar i ein liten boks og vips, klar til avgang. Brodersaksa blei beslaglagt etter første forsøk....
Er komt godt i gang, har kansje snart til ei enkeltseng, men så ville eg ha det dobbelt....
Om ikkje tolmodigheita tar slutt før då.