Mammas syrom er igrunn berre eit lite kott. Men det er berre mitt, her må andre nesten søke visum for å trå innafor. Gullungen, min datter, seier at ingen rydder så ofte som hennar mor. Kansje sant det, men berre på overflata. I går vart det tatt til under filleryene på golvet. Og mitt nesten kjæraste eie, bortsett for ungane då, kom fram i dagslys. Symaskina vart kjøpt i 1972, kosta meg då ei heil mnd.lønn og har vert ein trufast slitar.
Div. kasser med stoff, sotert i farger og anvendelse. Må ha eit lite utvalg, kan brått få ein ide ein laurdags ettermiddag.
Ei ferdig strikkejakke som aldri blei montert. Grunn..... trur den er for lita. Den er i grunn veldig fin og kunne bli ei flott gave. Her må eg nok stramme meg litt opp og gripe fatt i saken..
Så nå er det rydda, symaskin og strikkemaskin kan vente nye oppdrag, berre alle desse UFO,ane er historie. Om nokon har sett eit strykebord her også, så er forklaringa den:
Berre til bruk for å stryke ut saumar og når eg aplikerer. Eg har eit anna som eg brukar til vanlig stryketøy.