onsdag 30. januar 2008

Mammas syrom


Mammas syrom er igrunn berre eit lite kott. Men det er berre mitt, her må andre nesten søke visum for å trå innafor. Gullungen, min datter, seier at ingen rydder så ofte som hennar mor. Kansje sant det, men berre på overflata. I går vart det tatt til under filleryene på golvet. Og mitt nesten kjæraste eie, bortsett for ungane då, kom fram i dagslys. Symaskina vart kjøpt i 1972, kosta meg då ei heil mnd.lønn og har vert ein trufast slitar.



Div. kasser med stoff, sotert i farger og anvendelse. Må ha eit lite utvalg, kan brått få ein ide ein laurdags ettermiddag.

Desse 4 damene kom til etter eit kurs. Blei ikkje heilt ferdige, har kansje gått seg bort...


Eit sort skjerf som eg tenkte å gi bort. Har vist gått seg bort det også...


Dette blei ikkje ferdig fordi det hasta med det sorte, trur eg. Skal bli eit skjerf det og.


Og dei som trur dette er skjerf tar heilt feil. Vent og sjå, dette kjem straks i ferdig utgave.



Dette er ein linduk med bittesmå korssting. Ikkje noko for mitt syn lenger, men ei jente på jobben har låva og sjå på saken.


Ei ferdig strikkejakke som aldri blei montert. Grunn..... trur den er for lita. Den er i grunn veldig fin og kunne bli ei flott gave. Her må eg nok stramme meg litt opp og gripe fatt i saken..



Innerst i kroken står 4 grønnsak-kasser med div. tråd. Kjekt og ha, og må berre ha...


Bakerst, nederst og innerst, kom denne lille påske-historia fram i dagslys. Kor lenge den har venta er usikkert, men det er vel kansje nokre år sidan flammegarn var inn ? Gullungen seier den er så stygg at den er kul, så då må den få eit verdig liv. Har faktisk tråd nok til 2 stk. så kven veit.
Så nå er det rydda, symaskin og strikkemaskin kan vente nye oppdrag, berre alle desse UFO,ane er historie. Om nokon har sett eit strykebord her også, så er forklaringa den:
Berre til bruk for å stryke ut saumar og når eg aplikerer. Eg har eit anna som eg brukar til vanlig stryketøy.


5 kommentarer:

Laila Kristin sa...

Må sei meg enig med gullungen; påskeduken var så stygg at den var kul;)

Anonym sa...

Kjempekul!! :D

Anne-Berit sa...

Hva gjør det om syrommet er lite,når man får gjort det man skal der,nemlig sy.Min mor har heklet duk av det garnet,og den har jeg nå,syns ikke den er så fin,men siden mor har laget den,er den kjær for meg.Ha en fin tirsdag

Lena sa...

Ja her var det litt av hvert! Jeg fallt for de 4 damene jeg, de syns jeg var skikkelig sjarmerende og kule:-) Ønsker deg en flott helg!

Hilde C. sa...

Du har jammen mange fine UFO'er liggende, de fortjener å bli FO'er. Takk for varmende kommentar i bloggen min. Jeg kan forsikre om at jeg alltid er veldig forsiktig.
Håper du har gode dager på hytta og bare koser deg :-)