torsdag 26. juni 2008

Tilbake på nettet, nesten....

Så er eg delvis tilbake på nettet, etter den store flyttesjauen. Heime er enno ikkje telefon og data kobla, då er det godt at man skal på jobb mellom øktene.
Ikkje er det noko spennande og fotografere der heller. Det er liksom pappesker som tar mest plass enno, men det skal bli betre.
Ein svoger sa det så flott under største sjauen: hadde ikkje du hatt så mange bøker og alt dette handarbeidet, så hadde flyttinga vert ein enkel jobb.
Når det vert litt meir orden i heimen får vi komme tilbake til fotograferinga.

Ynsker alle blogg,ere ein fin sommer og god helg...

tirsdag 3. juni 2008

Flytte-sjau....

No er eg midt i den travligaste økta. Ut av huset og inn i ny leiligheit. På fredag går resten av flyttelasset, etter at eg i lengre tid har pakka og sotert. Loppemarked, bruktbutikken, hytta og eigne barn har vært med på lista av mottakarar.
Her blir det ein aldri så liten pause ei veke eller to, til eg har fått innstalert meg i den nye heimen og funne at pc,en.
I mellom øktene tek eg nokre pausar på verandaen, vil då ha litt føling med sommaren...
Til alle dykk som er innom: Ha fortsatt ein kjempefin sommar, nyt dagane og kos dokker....