tirsdag 29. september 2009

Sjå kva eg har fått...

dei siste dagane... Gips på handa....

Nytt fotoapperat. Sjølv om bilde er dårlig, bør det studerast. Støtsikkert og Vanntett.
Nye briller er bestilt, til ca. 8000 kr.
Dessutan fikk eg 7 krabbar i teinene mine på hytta i helga. Av naturlige årsaker blei dei aldri fotograferte. Men dei smakte godt, sjølv om dei blei dyre til slutt.
Trur nok at krabbesesongen er over for i år...

Å strikke er utelukka.. Var innom nabo,en for å få hjelp til opplegg til hekling, men nei - det går ikkje. Vel er eg glad i bøker, men alt har ei grense....
Kansje eg kan brodere, skal prøve i morgon. Ellers blir dette 4 lange veker.

Så er det jobben. Ikkje det at eg trur eg er uerstattelig. Men dette var siste gangen for mange av oss på denne riggen, neste tur er på ny plass. Trist å ikkje skikkelig kunne ta farvell med kollegaer etter mange år. Det er nok det som gneg mest. Her sit eg og er lei meg, ute i havet sit dei og flirer av krabbefiskaren, og koser seg med kaffe og kaker..

torsdag 24. september 2009

Huer til voksne menn...



2 stk. herre-huer strikka på reise til og frå storbyen. Desse endar nok på basar, om ikkje nokon frys på toppen i løpet av vintaren.

Garnet er restar av Safir frå Spar Kjøp, og pinnar nr. 4.

Oppskrifta er komt til underveis...


God helg til alle blogg-vener...


onsdag 23. september 2009

Storbyens inntrykk.

Roma er fylt med allverdens byggverk og skulpturer. Store og imponerande, dei aller fleste kjente frå utallige brosjyrer.
Spansketrappa var uvanlig folketom denne dagen. Vakrast var den nok om natta, med lys frå alle kanter. Og farlig glatt når det striregnar, og man er kledd i glatte selskapssko.

Av alle dei skulpturar eg fekk sjå, var det kansje denne som festa seg best i minnet. Han virka så åleine og hjelpeslaus der han låg, hadde nesten lyst å ta han opp og trøste litt...

At Roma er ein stor by har eg alltid vist, men at det var så trange gater kom som ein overraskelse. I forhold til andre storbyar eg har besøkt, virka dette trangt og uframkommelig.
Årsaka er nok at byen er virkelig gammal, hest og kjerre er ikkje nett det samme som store turistbussar.
Og at Roma hadde like mange regndagar som Bergen var også ein overraskelse. Og regn fikk vi, i store mengder. Men også fin sol og temp. på 22-26 grader.
Byen er virkelig verdt eit besøk, og ønske om å komme tilbake er sterkt.

tirsdag 22. september 2009

Vel heime att.......




I storbyar er det mykje å sjå, lære og oppleve. Slik også i Roma. No er eg vel heime att etter ei skikkelig flott weekend med gode kolegaer.


Denne vesle "filmsnutten" blir pausefilm til eg har fått sortert inntrykk og bilder, som eg kan dele med fleire.


Sena er 3 unge jenter i ivrig handel på markedet. Eg er nok så gammal at eg tenkte: godt det ikkje er mi datter.....

onsdag 16. september 2009

Roma

I morgon forlet eg det våte Vestlandet og tek turen til Roma ilag med gode arbeidskollegaer.
Turen varer ei lita veke, og eg satser på flotte sommardagar.
No er det meste pakka og klarert, også reise/ventepåflyplass-strikketøy.
Gleder meg til dette, i Italia har eg aldri vert...

søndag 13. september 2009

Findus


Findus heiter ein fin ung puse-mann som har hatt lang-helg opphold her hos meg.
Det er ikkje til å komme forbi at livet blir litt ansleis både for pus og "matmor".
Eg er vant med pusar som fartar ut og inn, går på jakt, og lever herrens glade dager..
No er nok Findus også vant til litt av dette, men ikkje frå ei by-leiligheit.
Då får ein fordrive tida med å kikke på by-livet, og hjelpe til med data-arbeid. Der er då i det minste ei mus, om enn ei kjedelig ei...
Og slektsgranskning på data er tull, hadde ein endog kunne grave litt i jorda.....


Strikking og trådnøste er moro, til å begynne med. Men helst dei nøstene som er i bruk, gamle restar frå strikkekorga mister fort intressa....
Fekk ikkje gjort så mykje, nei. Her skal det klappast, og kosast, matast, og tørkast opp vannskåler som kvelva i forbifarten.






I mellom alle øktene, må ein passe utgangs- døra. Det kunne jo vere at nokon skulle inn eller ut.. Og her i frå har ein full utsikt.
Då må ein nytte muligheita til å prøve å stikke av....




Ei fin helg har det vert. Vi har kosa oss med vafler, chips og fårikål til middag.


søndag 6. september 2009

Å gå i gamle fotspor....

Det kan være både spennande og opplysande. I dag vart det nærmast som ei ære, å få vere med på minnemarkeringa etter agenten Atle Svardal, som blei skutt av Gestapo 6.mars 1945.




Ein liten halvtime med båt nord frå Florø, mot grensa til Bremanger, ligg bygdene Breivik og Husefest. Under krigen 2 små veglause busetnader med fiske-bønder og deira familier. Det var her, oppe under fjellet i tjukk skog og kratt, at 2 agentar overvintra frå august -44 til mars -45. Jobben var å få sendt meldingar over til London. At tyskarane hadde nyutvikla peileutstyr var ikkje kjent for verken motstandsbevegelsen eller dei som sat i London. Det blei skjebna til han som fall, og kameraten og bonden som blei sendt i fengsel.






Med familie, grannar, Historielag og Turistforeninga, blei stien opp til staden høytidelig opna.

Dette er ein del av nordsjøløypa....



Opp under fjellet, der den provisoriske hytta sto, er minneplanketten over radiostasjonen ROSKA festa til fjellet.




Hytta låg svært vanskelig til, og var nok ikkje lett å finne. Agentane derimot hadde god utsikt til skipsleia, og båttrafikken som gikk forbi... Tyskarane hadde leita ei stund etter karane, og viste at ein eller annan plass i næheita måtte dei være. Det som røpa dei denne dagen skal vistnok ha vert ein kaffikjele som stod og putra....





Etter ein våt, strevsom, men flott tur oppover lia, bar veien vidare til god, gammaldags bygdabasar i nabobygda. Om ikkje utfallet her blei det heilt store, er det alltid koselig å treffe gamle kjente over ein kaffikopp. I slike små samfunn er det ofte vanskelig å oppretthalde kultur og tradisjonar. Derfor synes eg det er viktig å støtte opp om dei som år etter år prøver å halde liv i bygda. Det gjeld både med litt gjevingstar, ei hjelpande hand når det trengs, eller berre det å møte opp.





Denne gongen blei det 3 stk. strikkahuer, den siste blei til seint lørdagskveld....





lørdag 5. september 2009

Barnehuer til basar...

Barnehjelm, str. 6-9mnd. frå Gjestal sine oppskrifter. Tråden er ukjent, ein rest frå den store sekken med "hummar og kanari". Likar nok betre Drops si oppskrift, som eg har brukt mange ganger før. Og navnet Djevelhuer likar eg slett ikkje, har ingen ting med søte små å gjere...

Pulsvarmere i str. 8-10 år. Melert, kvitfargen er Drops Vivaldi. Den rosa fargen er også av ukjent opphav, eit eller anna med mohair.

Odessa-hua i samme kvalitet og størrelse, men utan perler. Denne har vert på strikkepinnen lenge, har nok vert eit "vente på flyplass-arbeid". Hua blei flott, men er ikkje fornøgd med fellinga..... er nok ein tanke å vri maskene. Husets datter trøstar, dette er det berre du som ser mamma...
Vi får håpe det, har nokon erfaring med denne........
I morgon skal eg på opning av ein del av Nordsjø-løypa, på minnemarkering etter radiostasjonen Roska frå krigens dagar, og avslutte med bygdabasar...
Ha ei fin helg.


torsdag 3. september 2009

Robin Hood Jakke

Samtale mellom niesa Monika og strikketanta i sommar:

Du tante, den var veldig fin den Robin Hood jakka eg fekk til Erik. Eg har brukt den veldig, veldig mykje..
Tanta: Det var no kjekt, men den må då vere forlita no ?
Monika: Ja, desverre..... no kan eg ikkje kle den på han lenger, då slutta han å vekse.
Tanta: er det slik å forstå at.... (og lenger kom aldri tanta..).
Monika: Ja, eg vil veldig gjerne ha ei ny, mørk blå, og det må vere hette på., og knappar heilt ned, og eg kan betale tråden, og, og og.......


Her er det ferdige produkt, ca.st 1-2 år. Møysommelig telt og omarbeidd frå baby-hefte. Så er det å håpe at begge to er fornøgde med resultatet.