lørdag 31. oktober 2009

OL-gensar

Her starta "moroa"...


Ferdig montert.

Dei som av og til er innom bloggen, har nok fått med seg at eg har strikka den nye OL-gensaren i 3 utgaver. Starta i ferien, og sidan har det gått gjevnt framover, med 5 veker ufrivillig stopp nesten på målstreken.

No er imidlertid gensarane ferdig montert, og ventar på nye eigare...


mandag 26. oktober 2009

Nissekalender..

Med god "hjelp" frå pusane, har farmor brodert seg gjennom helga.


Ferdig heng kalenderen no på veggen og ventar på pakkar, og førejuls-stria.

torsdag 22. oktober 2009

Julebroderi

Det er ikkje første jula dette broderiet har vert tenk ferdi, men kansje rekk vi det i år. Farmor er på førjuls-visitt i Fredrikstad. Adventskalenderen tilhøyrer heimen her, og farmor har allerede kjøpt inn ein del gaver. Vi får nytte dagane godt.
Mandag skal farmor heim att, tirsdag skal gipsen av.......

onsdag 21. oktober 2009

Basar-sokkar

Sesongen er i gang, og sokkar er det stadig bruk for. Desse skal på basar, og er ferdigstrikka av husets datter som av og til må "låne" strikketøy når ho er innom.
No klør det i fingrane til å ta fatt på strikketøyet. Spesielt når man er på klubb, og det blir strikka rundt kaffibordet.
Men eg har då fått unna ein del brodering som alltid blir lagt til sides.
Konklusjon: Aldri så gale, at det ikkje er godt for noko.

mandag 19. oktober 2009

Bursdagsjakka....

er no ferdig. Bursdagen var i mai, og slik blei gava overrekt til mor. No er den ferdig, og passer perfekt. Den har fått lange erme, etter eget ynskje. Eg er kjempeglad, både for gava, og at husets datter lærte å strikke i ung alder.
Det siste er kansje farmor,s ære og tolmod....
I morgon skal eg av og kjøpe knappar.

fredag 16. oktober 2009

Vel heime att....

frå haustferie, med alle mine sysaker.


Grytekluten er også ferdig. Er nesten fornøgd med den, når eg ser på den gipsa handa, så er eg nok veldig fornøgd.


Nokre utfordringa vart det. Å brodere gikk greit. Man må berre først klippe til gipsen så ein får tak på dette her. Søster mi har pc, men ein død skriver. Så var det å ringe svoger,en på jobb. Kjære, gode, kan du være så snill.... og han er snill.

Mi quilte-linjal har berre cm-mål, så var det å leite etter ein meterstokk.. Men desse små lappane blei vanskelig å jobbe med. Skjære nye, litt større. Å --da gikk alt så mykje betre...

Neste dag, ringe til husets datter og få opplest dagens tekst... Uff, kansje best å vente til eg kjem heim. Kveldsbesøk hos Kari-søster, "eg må låne pc,en litt". Eg kan då teikne og notere, før skreiv vi alt sjølve.

Og, vips så har eg ein stor flott gryteklut, som blir liggeunderlag til pinnekjøttet. Den andre grytekluten skal bli i normale mål, når alt anna er normalt her i heimen.


Mors kommentar: må du sy dette no, med den neven....


Takk til 9na som sette i gang moroa.







onsdag 7. oktober 2009

Å-huff.... det blir som det blir.

Har vert innom 9na for siste oppdatering. Har minst 50 stk forskjellige stoggrester i julemønster i heimen. Men ingen røde/kvite eller omvendt. Det får bli som det blir, jula blir mest grønn her på Vestlandet.

Og ikkje rekk eg å handle heller, er neppe noko å få kjøpt i mors nærmiljø ...

Ikkje har eg tenkt å la fargevalger stoppe meg..

Galskap, eller....

9na har starta ei morsom førjuls-oppgåve. Og sprø som eg, er har eg meldt meg på. Med nypolert gips, og gåpå-humør. Om eg greier å fullføre, ja det vil tida vise...

Startskuddet går i dag kl.1200, men eg har lova mor å komme på besøk i dag, og reisa mi starta 1 time tidligare.



Er dette nok stoff, og passer dei...


Mykje leiting (les: roting) for å finne det ein treng. Kniven var borte vekk, og så låg den berre her...

Mor har ikkje PC, men symaskin. Ikkje skjærematte, men sikkert skjærefjøl i plast.

Nål og tråd er ingen problem der i huset. Kva ho ellers synes om slike påfunn, er usikkert. Men ho gler seg til besøk..



Ute blæs det kuling, er haglbyer, og skikkelig haust. Ha ei flott veke alle saman.

mandag 5. oktober 2009

Brodering

Denne var grei å brodere, stilkesting og flammegarn. Blir kansje julegave....


Er starta på ny duk, men den blir ikkje ferdig til denne jula. Synes ikkje eg er noko god på plattsøm, det brukar etter ei tid å havne heime hos mor... og kjem ferdig tilbake.


Men kor lenge skal eg halde på slik, vi blir båe eldre. Eg burde kunne det snart, og ho burde få sleppe.


Ingen skal seie at eg ikkje har prøvd. Denne er frå 6-års alderen.

Dette putevaret laga eg på handarbeid i 6.klasse. Har sjølv teikna, brodert, og sydd putevaret.

I ettertid så mangla det litt brodering, men det blei nok oversett av både meg og læraren.




fredag 2. oktober 2009

Å sjå muligheitene...

Sjølv om strikking og hekling er utelukka no, så går det greit å brodere. Rydde/leite i skuffer og skap er også ok, om ein har god tid. Og det har eg nett no, og då kom dette broderiet fram.

Det går ikkje så fort med synåla, men humøret er på topp. Dette bitte-lille bruddet kunne ha endt i ei stor tragedie. Det kunne ha vert skallen som trefte steinen og ikkje handa....
Og det er slik eg må sjå det, eg var heldig. Sjøen var ikke djupare enn at eg kunne vasse i land. Det er tungt å symje med store slagstøvlar, regnbukse og regnjakke.
I ettertid skal eg bruke redningsvest, sjølv ved krabbefiske frå brygga. Det har eg låva hytte-naboen.

Tusen takk for alle trøstande ord, God Helg til dykk alle.