Med dette bilde, litt sundt og mykje godt, ønsker eg alle blogg-vener rundt omkring ei skikkelig flott Påskehelg.
Les værmeldinga, kle deg fornuftig, og ta vare på kvarandre, enten dokker er på fjellet, ved sjøen, eller heime i godstolen...
Sjølv feirer eg på "betong-holmen" oppe på Haltenbanken, og har det fortreffelig med gode vener..
torsdag 28. mars 2013
onsdag 13. mars 2013
Platsøm
Platsøm har aldri vert mi sterkaste side, sjølv om eg her og starta i tidlig alder. Det har liksom blitt til at eg har brodert det enklaste, og sendt resten heim til mor. Til ho sa stopp, og nok er nok...
Beskjeden var klar: no er det på tide at du lærer dette, du kan ikkje alltid lite på meg.
Dette skal bli ein stor duk, på oppdrag til Saniteten. Eg har tatt oppdraget, men det tek den tida det tek... Og heldevis har dei basar kvart år... Med vekselsvis litt hekling og strikking, går det sakte og sikkert framover.
mandag 11. mars 2013
Blå barnegenser
Enno ein barnegenser i restegarn. Skal på haustbasaren til Saniteten denne også. Men då trur eg det må vere ok for dette året, sjølv om eg har noko småtteri liggande halvferdigt....
Garn: Østlandsgarn (blått) +div restar i same tjukkelser..
Str. 4-5 år....
Mønster: frå eit eller anna ukeblad..
søndag 3. mars 2013
Mora mi...
Om ikkje helsa er som før, så går det greit med litt hjelp av og til. Strikkepinnar og synåla er enno i bruk, sjølv om det heller ikkje er som i gamle dager..
Abonner på:
Innlegg (Atom)