fredag 23. juli 2010

Dåpshue

Barnedåpen til lille Mads William nærmar seg, og farmor har sydd dåpshue. Stoffet er kinesisk silkedamask, pynta med blonder og silkeband. Foret er tynt bomullstoff. Har make stoff i rosa, så det blir nok ei jentehue også.

Dåpskjolen er sydd av mor, til min første i -77. Heile kjolen er i blondestoff. Underkjolen er i bomull. Her er det brodert navn og årstall på alle brukarane i rosa og lyseblått.
Første og enno, siste brukar... Mor har 12 barnebarn og 11 oldebarn. Alle har ikkje brukt denne kjolen, men ein fin flokk er det..... og jentehua bør nok vere ferdig til vinteren har eg fått vite !
Fortsatt fin sommar...


torsdag 8. juli 2010

Markjordbær...

Korleis kunne eg gløyme å fortelle om markjordbæra mine... Desse plantane er henta (stjælt) i ein grøftekant i Fredrikstad. Har vert med tog og buss til Gjøvik og bodd på hospits. Seinare flyborne til Vestlandet, ventar no på kjøkenbenken for å reise på hytta i morgon.
Så lurer vel enkelte på om ikkje vi har slikt i mitt nærmiljø.... jau, heilt sikkert, men ikkje i dei grøftekantane som eg ferdes.
Og er eg heldig, så kansje får eg dei til å trives her vest, eg som tross alt, ikkje har grøne fingra..

Ha ei flott helg !

Sommarens eventyr...


starta i Fredrikstad. Famor er på besøk hos Gromguten og Prinsen.


Kos med farmor...... og det gjorde vi mykje, og ofte...



På søndagstur med gromguten.....




På mandag gikk reisa til Gjøvik. Strikketur med Skibladner, Dokkemuseum, Hagevandring, innom "skrotbutikken" som snarast..... fleire bilder frå turen kan du sjå her...

Som den høflige guiden ho var, venta Gamleheksa pent til eg hadde snusa rundt...












Det er litt hage dette også, kansje meir i min stil... sjølv om eg er fødd med jord under neglene, blei eg ikkje noko hagemenneske. Åker og eng, det er nok meir meg...







Gjenbruk, det er min stil. Her ein gamal sandkasse som er blitt jordbæråker.








Om vi fekk strikka... Ja litt.... Og paralellstrikking er greit når ein skal bruke opp restar.









No er det snart slutt på Stubbetufsa sine garnleveringar tidligare i vår.... Og alt blir sokkar til Albania. For det var slik denne reisa starta. Litt beklagelse fordi Hurtigruta ikkje har anløp ved Mjøsa.....



Hjertelig takk for følge...




torsdag 1. juli 2010

Sommargensar

Som snart bør bli ferdig. Med 10t. reise nordover (pga streik), og koselig hurtigrute tur sørover, minkar det litt etter litt.

No kan det være at sommarvarmen er rett rundt hjørnet. I alle fall er temperaturen noko høgre i dag, enn då eg reiste på jobb for 14 dagar sidan. Så i dag blir det terasse-liv med strikking, medan eg ventar på neste utflukt.
Tirsdag 6.7. blir det strikketur på Mjøsa. Men først helga i Fredrikstad for å helse på det nye barnebarnet.
Starten på ei Fana-kofte blei det også tid til på jobb. Dette er eit bestillingsarbeid som ikkje behøver bli ferdig før til jul. Armane var ferdige, trudde eg... den som studerer bilde nøye vil sjå at her manglar noko. Så då er det berre å rekke opp att, asj....