torsdag 27. september 2012

Julegave.....

Litt tidlig å snakke om jula enno, men det er greit kva som er gjort.... Dette er samme grunnmønster som forrige genser. Skal bli gave til ein kjekk liten venn. Håper mora ikkje er innom her så ofte, om ho veit at eg blogger. Ho veit nok at det kjem ein ny gensar kvart år, men ikkje form og farge...
Dette er  Smart frå Sandnes, og restegarn..

tirsdag 25. september 2012

Basargensar....

Barnegensar av restegarn i str. 4 år. Noko nytt og noko gammalt. Er stadig vekk å ryddar i trådlageret, har utruleg mykje liggande. Denne havner nok på basar...
Er strikka i Smart frå Sandnes.

Ein sommar er over....

At sommaren er over, det er det vel ingen tvil om. Om den nokon gong kom skikkelig dette året, det er vel litt tvilsomt. Nokre flotte haustdagar har vi verkelig hatt, som her på hytta mi. Eg har vert der ei lita veke for å gjere klart til hauststormane. For att dei kjem, er det heller ikkje tvil om.
 
Å kunne sitte på trappa på vest-sida, og nyte mat og drikke, ein sein septemberkveld hender ikkje ofte.   Måtte vi få ein lang og flott haust... 

onsdag 19. september 2012

Pledd til haustkveldane..

 For leeennnge sidan starta eg på eit strikkepledd på jobben. Men, akk..., så kjedeligt arbeid. Etter fleire runder ut og inn av skapet, blei det til at eg tok det med heim i vår.
 Så vart det for nokre veker sidan ei ny historie med ei tå. Ikkje brudd denne gangen, berre 2 brest.  Og då vart jo dette eit flott "sitte i ro" arbeid. Medbrakt krykker var eg på ein busstur til Stockholm i denne tida. Trådnøsta blei med, og 2 av ferievenene mine strikka også.

No er teppet ferdig, har fått påhekla "blonde-kant", og ventar berre på ein aldri så liten toveprosess. Må nok bruke ei stor vaskemaskin, så teppet skal få ein ny tur i havet.
Seinare skal det bli koseteppe på terassen, i seine haustkveldar, medan eg nyt tekrus og solnedgang.

Strikkegarn: Tove frå Sandnes.  Strikkepinnar nr. 4.  Mål: før toving, 1,45 x 1,25.

God helg

lørdag 15. september 2012

Quilte-kurs

Starta på quilte-kurs fredag ettermiddag. Det er mange år sidan eg har drevet med dette, og mangt har forandra seg, og nytt utstyr komt til.
 
Tema var haust, og kva passer betre enn støvlar og paraplyer. Føler eg har sydd paraplyer i heile dag, men sannelig var det moro.
 
 
I morgon skal kurse avsluttast, og forhåpentligvis er duken då ferdig.

God helg til alle bloggvener !







torsdag 13. september 2012

Ferie-strikketøy...

 
Sjølv om det har vert lite blogging i nokre månader, så har strikkepinnane blitt flittig brukte. Både på jobb, heime, og på ferie. Då eg var over til Canada i 2 veker hadde eg også strikketøyet med. Og fikk handla inn noko garn til å ta med heim att.
 
 
No er det snålt å strikke slikt med varmegrader på 28-32, som det var desse 2 vekene. Men ventilasjonssystemet gav meg skikkelige kalde føtter. Kjapt blei det strikka eit par lommetøfler. Desse blei så populære at det blei 5 par til slutt.
"Minstemann" gjorde meg oppmerksom på at det var ingen som strikka sokker til han lenger. Så blei det 2 par solide herresokker, og eit par til "fruen".

mandag 3. september 2012

Sommertopp


Denne sommertoppen strikka eg tidlig på sommeren. Bomull frå Sandnes, Mandarin Classic. Har brukt den utruleg mykje, og den er like fin etter mang ein vask.

Ha ei flott veke...