Det er ikkje det at eg ikkje likar dette mønsteret, for det har eg alltid gjort. Tenkte berre at til OL måtte dei kunne ha funnet på noko nytt.
Men rett skal være rett, det er enkelt (og kjedeligt) å strikke, og går fort oppover. Bilder har eg ikkje, lyt nøye meg med lånt pc.
Alt dette ordnar seg når eg er heime att.
Sola har eg funne, men i dag har eg også kjøpt støvlar og regnbukse.
Ferie er herleg, kos dokker...
fredag 24. juli 2009
mandag 20. juli 2009
Ferdig........... og ny start..
Må ha noko enkelt, så eg ikkje blir for usosial og satt av under vegs...
På morgonkvisten dreg eg nordover med Hurtigruta til Molde. Omsdag rullar bilen etter vegen. Reiseruta er: der vi finn sola.....
lørdag 18. juli 2009
Det er mangt som varmer...
strikkande tanter eller bestemødre, så Bea og eg har adoptert han...
Etiketter:
Babytøy,
Gave,
Hekling,
Oldemorsruter,
Strikking
tirsdag 14. juli 2009
Babylue og skjerf.
Eit nydeligt garn, både i fargar og kvalitet. Og takk til Gamleheksa, som sendte meg dette i ei gavepakke .
Fortsatt god sommer over det heile land.
mandag 6. juli 2009
Sommar, sol, og late feriedagar...
Forrige helg var eg på slektstreff i heimbygda mi. Dei fleste etterkommarane etter farmor og farfar var samla. Utruleg kjekt å møte att tanter, søskenebarn og deira familie. Mange hadde eg ikkje sett på nesten 40 år. (og då føler eg meg brått veldig gammal).
Grunnen er kansje at eg sjølv flytta herifrå som 14-åring. Nokre år seinare blei gården seldt og foreldra mine flytta også frå bygda.
No står husa tomme, og er rett og slett eit trist syn. Det var det einaste som var noko vemodig den helga. Ei kjempeflott helga-samling for store og små.
Håndarbeid blir det mindre med i desse flotte, varme dagane. I morgon er det jobb att, og eit aldri så lite strikketøy er på pinnane.Då er eg litt tilbake til normalen....
Abonner på:
Innlegg (Atom)