Av naturlege grunnar så kunne ikkje princen huske farmor. Og han lurte nok litt på desse to damene (ei veninne)som kvar morning kom opp kjellertrappa. Men det tok ikkje lang tid å opprette kontakt.. Slik "kjøp og salg" må være heilt tillatt for bestemødre, her prøver vi ut eit puslespel med dinosaurar...
Viser innlegg med etiketten Gensar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gensar. Vis alle innlegg
tirsdag 26. november 2013
Ute i den store verden...
Av naturlege grunnar så kunne ikkje princen huske farmor. Og han lurte nok litt på desse to damene (ei veninne)som kvar morning kom opp kjellertrappa. Men det tok ikkje lang tid å opprette kontakt.. Slik "kjøp og salg" må være heilt tillatt for bestemødre, her prøver vi ut eit puslespel med dinosaurar...
mandag 30. september 2013
På reisefot....
Julestrømpe med navn...
Votter, også med navn... str. 1-3 år i Lanett
Bomullsgenser i Sandnes Petit... str. 2 år
Farmor er på reisefor. I morgon starta turen til Canada, og vesle Gavin. Då er man berre nødt til å ha med litt gaver i veska.
Den svært store julestrømpener er strikka etter eit kopi frå "lisjesysta". For meg ukjent opphav. Skulle strikkast i Rauma, men eg har valgt Smart. Der det står God Jul på eine sida har eg strikka inn navnet på motsatt side...
Harepusvotter strikka i Lanett. Desse blei søte, men pirkete å strikke. Likar nok betre større strikketøy på pinnane. Sokkar skal det også bli, dei utan navn. I denne stund er det ein halv sokk att, det må gå bra...
Gensaren er strikka sist jobb-periode. Den er ikkje heilt etter oppskrifta, eg valgte å strikke det meste på rundpinne, og glattstrikk. Er nok ikkje så overbegeistra for bomull, føler att eg ikkje får sømmane så fine..
Trådnøster og pinnar er med på turen, dessutan har eg funne den flotte strikkebutikken der borte..
Ønsker alle flotte haustdagar her heime...
mandag 6. mai 2013
Genser til Lillebror
Men den blei altfor stor.... Heldevis er slike små brora stadig i vekst, så det ordner seg nok etter kvart.
Innstrikka lommer på magen, splitt i halsen, og hette.
Mønster frå 70-åra, trur eg.. truleg Dale.
Strikka i Smart frå Sandnes.
Str. 2 år.
lørdag 9. februar 2013
Grønn flettegenser
Genser som skal på høstbasaren til Saniteten. Den er strikka fra div. trådnøster fra eit tidligare stort fellesarbeid som Saniteten hadde. Genseren blei fin den, men eg likte ikkje heilt at flettene ikkje gjekk heilt opp. Brått virka den så mykje breiare over skuldrane.
Tråd: Østlandsgarn m/pinnar nr. 4
Størrelse: 4 år
Tråd: Østlandsgarn m/pinnar nr. 4
Størrelse: 4 år
God helg til alle bloggvener !
tirsdag 23. oktober 2012
Marius gensar.
Marius-mønsteret er i vinden som aldri før, i følge husets datter på garnbutikken. Denne utgaven, i litt ansleis farger, skal på Sanitetens haustbasar. Fikk overlevert ein stor pose garn, som ut ifrå prisen, må ha lagt lenge bortgløymt. Etter kvinnenes ønske blei det ein barnegensar, så får resten blir til etter kvart..
Garn: Safir, pinner nr. 4 og str. 8 år.
Garn: Safir, pinner nr. 4 og str. 8 år.
torsdag 27. september 2012
Julegave.....
Litt tidlig å snakke om jula enno, men det er greit kva som er gjort.... Dette er samme grunnmønster som forrige genser. Skal bli gave til ein kjekk liten venn. Håper mora ikkje er innom her så ofte, om ho veit at eg blogger. Ho veit nok at det kjem ein ny gensar kvart år, men ikkje form og farge...
Dette er Smart frå Sandnes, og restegarn..
Dette er Smart frå Sandnes, og restegarn..
tirsdag 25. september 2012
Basargensar....
Barnegensar av restegarn i str. 4 år. Noko nytt og noko gammalt. Er stadig vekk å ryddar i trådlageret, har utruleg mykje liggande. Denne havner nok på basar...
Er strikka i Smart frå Sandnes.
Er strikka i Smart frå Sandnes.
mandag 3. september 2012
Sommertopp
Denne sommertoppen strikka eg tidlig på sommeren. Bomull frå Sandnes, Mandarin Classic. Har brukt den utruleg mykje, og den er like fin etter mang ein vask.
Ha ei flott veke...
søndag 10. juni 2012
Sommertopp i Svale
Denne sommertoppen blei ferdig no tidlig på våren. Den er strikka i Svale, ein blanding med bomull, vikose og silke. Eit skikkelig flott garn å strikke med, og behagelig å ha på kroppen. Den er til meg sjølv, og eg er godt fornøgd med resultatet...
tirsdag 6. mars 2012
Prinsessegensar...
mandag 21. februar 2011
Marius-gensar.
fredag 4. februar 2011
Seterdalsgensar....
mandag 17. januar 2011
Gutegenser...
tirsdag 11. januar 2011
Skjerf frå Drops Desing
onsdag 3. november 2010
Montering
torsdag 28. oktober 2010
Fanagenser
Ikkje alltid like lett å strikke etter eit mønster som nokon trur kansje passar.
Er redd for at rundt omkring i heimen er det fleire ting som ligg å ventar på montering. No skal det bli orden i sakene ganske kjapt...
mandag 13. september 2010
Paralellstrikking...
er tingen når ein er på jobb. Då kan ein parkere strikkeposane på høvelege plassar, og slepp å hukse på kvar ein strikka sist.Ein gensararm i storstova, litt strikking før og etter jobb, samt i to kaffipausar.. Arm nr. 2 på lugaren, strikkar litt der også..
Dette er fortsatt julegåve på bestilling, ein herregensar i Sisu. Damekofta er straks ferdig..
På møterommet og i røykesjappa er eg også innom av og til. Her blir det mindre strikka, men er sosialt.. Når andre røyke, kan vel eg strikke litt....Smått og seint går det framover. Desse herresokkane skal bli basargevingst her på riggen. Vi har store planer om det til vintaren, så får vi sjå om vi får det til...
torsdag 1. juli 2010
Sommargensar
Som snart bør bli ferdig. Med 10t. reise nordover (pga streik), og koselig hurtigrute tur sørover, minkar det litt etter litt.
No kan det være at sommarvarmen er rett rundt hjørnet. I alle fall er temperaturen noko høgre i dag, enn då eg reiste på jobb for 14 dagar sidan. Så i dag blir det terasse-liv med strikking, medan eg ventar på neste utflukt.
Tirsdag 6.7. blir det strikketur på Mjøsa. Men først helga i Fredrikstad for å helse på det nye barnebarnet.
Tirsdag 6.7. blir det strikketur på Mjøsa. Men først helga i Fredrikstad for å helse på det nye barnebarnet.
lørdag 1. mai 2010
UFO,ar....
mandag 8. februar 2010
Julegave...
Falk sine farger er utgått, og eg manglar litt til hua. Har no ei veninne som rydder, ho har også i si tid kjøpt tråden i nordsjøen.... så får vi sjå... det ordner seg nok.
Abonner på:
Innlegg (Atom)