Viser innlegg med etiketten Pulsvarmere. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pulsvarmere. Vis alle innlegg

lørdag 5. september 2009

Barnehuer til basar...

Barnehjelm, str. 6-9mnd. frå Gjestal sine oppskrifter. Tråden er ukjent, ein rest frå den store sekken med "hummar og kanari". Likar nok betre Drops si oppskrift, som eg har brukt mange ganger før. Og navnet Djevelhuer likar eg slett ikkje, har ingen ting med søte små å gjere...

Pulsvarmere i str. 8-10 år. Melert, kvitfargen er Drops Vivaldi. Den rosa fargen er også av ukjent opphav, eit eller anna med mohair.

Odessa-hua i samme kvalitet og størrelse, men utan perler. Denne har vert på strikkepinnen lenge, har nok vert eit "vente på flyplass-arbeid". Hua blei flott, men er ikkje fornøgd med fellinga..... er nok ein tanke å vri maskene. Husets datter trøstar, dette er det berre du som ser mamma...
Vi får håpe det, har nokon erfaring med denne........
I morgon skal eg på opning av ein del av Nordsjø-løypa, på minnemarkering etter radiostasjonen Roska frå krigens dagar, og avslutte med bygdabasar...
Ha ei fin helg.


torsdag 11. juni 2009

Ullsokkar og pulsvarmare...

Desse herresokkane er blitt strikka medan eg var i nordsjøen no i vår. Er kansje for tjukke til å ha i støvlar, men gode til "innebruk". Dei er strikka i Falk, med trådforsterkar i hæl og tå. Må nok ha eit par til i damestørrelse. Dei skal brukast til gave ut på vinteren.

Kollegaen min, Vigdis som fikk "TVsport-hue" var over seg av begeitring. Kunne eg tenkje meg å strikke eit par pulsvarmare også.... Og før eg rakk svare, så ville kollega Mona også ha. No skal det seiast at det er to flotte jenter.
Pulsvarmarane er ferdig og hua på strikkepinnane. Tråden er Artic, strikka på p.nr. 4. for å få dei litt faste. Her har eg ikkje oppskrift, har prøvd meg litt fram. Har laga hull til tommeltott, hekla rundt denne med fastmasker, så den skulle halde på fasongen.

torsdag 24. januar 2008

Englemasker og andre masker...på jobb.

Så er skjerfet ferdig og sjølv synes eg det blei fint. Starten blei litt ujavn, men dette er jo eit prøveprosjekt. Med forskjellig tråd og maskestørrelse kan ein jo lage alt frå "rufse"skjerf til lekre skjerf i silkeblandinger e.l. og brukes til det meste, om ikkje nett til kokkejakker.


Men jenta var grei og stilte opp.






Ein av gutta på jobben ville ha nye fingervotter uten "totter". Eg trudde først det var ein spøk, men tok utfordringen, uten mønster. Strikka først ein, lot han prøve den, og strikka så nr.2 med litt justeringar. Retta så opp den første, og så var det gjort.




Og mannen er lykkelig, og venter på båtsesongen med garn og krabbeteiner.


Mellom alt dette, og mykje anna, syr eg på hardangerduken. Om ikkje eg synes det minkar, så går det framover...