Kvikk Lunsj hua strikka i Trysilgarn. Var ikkje heilt fornøgd med grønnfargen, men det var det eg fekk tak i ein lørdags ettermiddag. Dette skulle bli reise-strikketøy til i morgon, men moro var det, og kjapt gikk det.. Kansje eg strikkar ei til no medan eg er på jobb. Blir alltid av med desse...
søndag 26. juni 2011
torsdag 16. juni 2011
Vin-høner
Nokon ferdige og nokon til tørk. Nokon til kvardags og nokon til fest. Fort gjekk det, og morsomme blei dei, heilt til nebbet skulle syast på. Opptimist som eg er, tenkte eg at der skulle eg bruke symaskina. Men høna blei litt nebbete, så det endte med blod og stygge ord. No dei er ferdige og får "innhald", håpar eg at dei blir litt stramare i skrotten.....
Trådrestane blir til tøfler... Det er det alltid bruk for. Her frå kaikanten i dag, medan eg venta på båtskyss heim frå hytta...
Ha ei flott helg !
fredag 10. juni 2011
Garnslanking...
tirsdag 7. juni 2011
Borneborn
Farmor er heime att etter nokre flotte dager på Austlandet.
Mads William 1 år. Han hadde nok ikkje dei store følelsane for farmor til å begynne med, men det kom seg etter kvart. Kjedelig med så lange avstanda, når ein er så liten.
Mads William 1 år. Han hadde nok ikkje dei store følelsane for farmor til å begynne med, men det kom seg etter kvart. Kjedelig med så lange avstanda, når ein er så liten.
Storebror var i sitt ess. Strikke hadde han også lært sidan sist. Med god hjelp av mamma hadde ein pulsvante sett dagens lys. Men det blei med den eine..... så var spørsmålet om farmor kunne strikke den andre.
Viste dere damer, at pulsvanter er gode å klatre med. Ein blir ikkje så oppskrapa på hendene.
Prøv!
onsdag 1. juni 2011
Haltenbanken...
Abonner på:
Innlegg (Atom)