Viser innlegg med etiketten Symaskinarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Symaskinarbeid. Vis alle innlegg

søndag 23. desember 2012

GOD JUL

Ja-da, eg er i live og har det i grunn ganske bra, sjølv om det har vert ganske stille på bloggen i lang tid. Eg lir berre av tiltaksvilje, og mangler litt overskudd. Men litt får eg då ordna..
 
Her ein basarduk som måtte få montert band, er vist blitt ein tradisjon..
 
Mors stabel med strikkesokkar, klar med merkelapp. Har hatt den etterkvart tradisjonelle førjulsvisitten der og.....

På juleavslutning i Quilte-gruppa til Husfliden. Koselig kveld med kjekke damer...
 
Så har julefreden senka seg over heimen. I år skal eg feire jul med husets datter, i hennar heim.  To vaksne damer, med to "nesten" vaksne døtre, og Susse-pus. I siste liten er det komt med ein kar, med bikkje..  Stakkars mann, seier no eg......  (Bikkja er nydelig)....
 
No står jula for vår dør
og eg tenkjer som so ofte før,
at alle gleder vi har delt i år
håpar eg vi får dobbelt av neste år !

mandag 22. november 2010

Brodering...

Under den store oppryddinga nylig kom mykje syarbeid fram i dagslys. Dette er nye mønster, kjøpt for nesten ingenting på bruktbutikken.. Kjekt å ha, skal nok brukast ein gong...


Poser med diverse broderier. Nokre frå bruktbutikken, andre kjøpt lokalt ein eller anna gang då eg tenkte at no skulle det broderast....
Det er nett det same kva arbeid er held på med, blir eg lei ender eg alltid opp med strikkepinnar..


fredag 23. juli 2010

Dåpshue

Barnedåpen til lille Mads William nærmar seg, og farmor har sydd dåpshue. Stoffet er kinesisk silkedamask, pynta med blonder og silkeband. Foret er tynt bomullstoff. Har make stoff i rosa, så det blir nok ei jentehue også.

Dåpskjolen er sydd av mor, til min første i -77. Heile kjolen er i blondestoff. Underkjolen er i bomull. Her er det brodert navn og årstall på alle brukarane i rosa og lyseblått.
Første og enno, siste brukar... Mor har 12 barnebarn og 11 oldebarn. Alle har ikkje brukt denne kjolen, men ein fin flokk er det..... og jentehua bør nok vere ferdig til vinteren har eg fått vite !
Fortsatt fin sommar...


onsdag 17. mars 2010

Nye puter..

2 nye puter, resten av stoffet er brukt opp. Desse putene skal pynte den "nye" stolen, eller bli brukt til middagsluren på sofa,en...

fredag 16. oktober 2009

Vel heime att....

frå haustferie, med alle mine sysaker.


Grytekluten er også ferdig. Er nesten fornøgd med den, når eg ser på den gipsa handa, så er eg nok veldig fornøgd.


Nokre utfordringa vart det. Å brodere gikk greit. Man må berre først klippe til gipsen så ein får tak på dette her. Søster mi har pc, men ein død skriver. Så var det å ringe svoger,en på jobb. Kjære, gode, kan du være så snill.... og han er snill.

Mi quilte-linjal har berre cm-mål, så var det å leite etter ein meterstokk.. Men desse små lappane blei vanskelig å jobbe med. Skjære nye, litt større. Å --da gikk alt så mykje betre...

Neste dag, ringe til husets datter og få opplest dagens tekst... Uff, kansje best å vente til eg kjem heim. Kveldsbesøk hos Kari-søster, "eg må låne pc,en litt". Eg kan då teikne og notere, før skreiv vi alt sjølve.

Og, vips så har eg ein stor flott gryteklut, som blir liggeunderlag til pinnekjøttet. Den andre grytekluten skal bli i normale mål, når alt anna er normalt her i heimen.


Mors kommentar: må du sy dette no, med den neven....


Takk til 9na som sette i gang moroa.







onsdag 7. oktober 2009

Galskap, eller....

9na har starta ei morsom førjuls-oppgåve. Og sprø som eg, er har eg meldt meg på. Med nypolert gips, og gåpå-humør. Om eg greier å fullføre, ja det vil tida vise...

Startskuddet går i dag kl.1200, men eg har lova mor å komme på besøk i dag, og reisa mi starta 1 time tidligare.



Er dette nok stoff, og passer dei...


Mykje leiting (les: roting) for å finne det ein treng. Kniven var borte vekk, og så låg den berre her...

Mor har ikkje PC, men symaskin. Ikkje skjærematte, men sikkert skjærefjøl i plast.

Nål og tråd er ingen problem der i huset. Kva ho ellers synes om slike påfunn, er usikkert. Men ho gler seg til besøk..



Ute blæs det kuling, er haglbyer, og skikkelig haust. Ha ei flott veke alle saman.

tirsdag 21. oktober 2008

Nye gardiner...

Denne veka er endelig gardinkappene komt på plass i stua. Så lenge det har vært lyst og fine kveldar har det ikkje vert noko savn, har då persiener. Har valgt å ikkje ha sidegardiner, vil ha mest mulig lys inn.

Må alikevell innrømme at når kappene alikevel var der, så vart det mykje kosligare inne. Og ute er det full haust med alt det innebere, sterk vind og mykje regn.

Det første garnet frå Canada er tatt i bruk. Eit heilt enkelt rillestrikka skjerf i ein morsom fargekombinasjon. Og når det blir tatt i bruk, kan eg sende ein tanke til kvinnene i Sør-Amerika som har spunne og farga for hand.


lørdag 10. mai 2008

God som ny....

Denne gyngestolen kjøpte eg for nokre år sidan på bruktbutikken, og den var pent brukt. Då den var utruleg god å sitte i blei bruken deretter. Og slitasjen blei større og større, ikkje nytta det å snu puta til slutt heller.

Ein dag "gullungen" (dattera mi) var innom seier ho så flott: jammen mamma, eg har då så mykje slike møbelstoff-restar liggande. Fått av ei veninne som rydda på jobben. Detmed fikk stolen ein ny vår, midt i beste kyrkjetid ein søndag for litt sida.
Ynskjer alle som er innom ei flott pinse....