søndag 8. desember 2013

Mariusgenser og hue..


 
I løpet av hausten har ein kolega fått ny Mariusgenser med hue. Har brukt den tradisjonelle oppskrifta, strikka i str. L og Smart frå Sandnes. Fargen på 1. bilde lyg, det er jo samme farge på alt. Strikka på to jobb-perioder, og ein kjempeglad kjøkkensjef.

lørdag 30. november 2013

Teppe..


Teppet er ferdig, klar til vask, og bitte litt toving.
Er strikka i Tove frå Sandnes, på pinner nr. 4. Skulle bli teppe på den nye hytteverandaen, men så blir det nok julegave i staden for.... Er eit bereist teppe, deler av det har vært på busstur nedover Europa, tur over til Canada, og siste rest blei unna på flytur til Bodø.. Har meir garn i posane mine, så det blir nok fleire tepper..

tirsdag 26. november 2013

Ute i den store verden...

 
 Slik gjekk det med den "store" gensaren, som likkje-princen skulle ha og vekse i. Guten blir 2 i februar, og gensaren var str. 2år. Det er godt at farmor har fleire trådnøste...



Av naturlege grunnar så kunne ikkje princen huske farmor. Og han lurte nok litt på desse to damene (ei veninne)som kvar morning kom opp kjellertrappa. Men det tok ikkje lang tid å opprette kontakt.. Slik "kjøp og salg" må være heilt tillatt for bestemødre, her prøver vi ut eit puslespel med dinosaurar...

mandag 30. september 2013

På reisefot....

Julestrømpe med navn...
 
Votter, også med navn... str. 1-3 år i Lanett
 
Bomullsgenser i Sandnes Petit... str. 2 år
 
Farmor er på reisefor. I morgon starta turen til Canada, og vesle Gavin. Då er man berre nødt til å ha med litt gaver i veska.
Den svært store julestrømpener er strikka etter eit kopi frå "lisjesysta". For meg ukjent opphav. Skulle strikkast i Rauma, men eg har valgt Smart. Der det står God Jul på eine sida har eg strikka inn navnet på motsatt side...
Harepusvotter strikka i Lanett. Desse blei søte, men pirkete å strikke. Likar nok betre større strikketøy på pinnane. Sokkar skal det også bli, dei utan navn. I denne stund er det ein halv sokk att, det må gå bra...
Gensaren er strikka sist jobb-periode. Den er ikkje heilt etter oppskrifta, eg valgte å strikke det meste på rundpinne, og glattstrikk. Er nok ikkje så overbegeistra for bomull, føler att eg ikkje får sømmane så fine..
 
Trådnøster og pinnar er med på turen, dessutan har eg funne den flotte strikkebutikken der borte..
Ønsker alle flotte haustdagar her heime...

onsdag 11. september 2013

Fargeblind eller sløv....


Ja, av og til kan ein lure litt.... Starten på teppet, 2 ferdige remser, vart til for lenge sidan. På busstur nedover Tyskland - Holland skulle eg fortsette, på det perfekte busstur-handarbeidet... 5 ferdige remser blei det, på 8 dager... Så flott tenkte eg, snart i mål. Vel heime at oppdager eg at den rosa biten var heilt på "vidvanke", og slett ikkje der den burde være...
Så var det å rekke opp, flytte rundt, og montere på nytt...  Ja-ja, no er det på plass att og ferdig montert så langt. Då mangler det berre 2 remser til, det får bli på neste "langt å reise tur", om ikkje så lenge.

tirsdag 3. september 2013

Syvake..

 
Ein lang sommar er til endes, og eg er tilbake på bloggen....  Sjølv om det har vert lite data denne sommaren, så har det vert mykje anna rundt omkring. Handarbeid også...
 
Sist fredagskveld hadde Quiltegruppa syvake. Då møter ein opp med symaskin og tilbehør kl. 18:00, og syr så lenge ein orkar. Litt mat og drikke vert det også tid til, og mykje latter og moro.
Denne vesle veska vart mitt bidrag. No er ikkje rosa "min" farge, men søt var den....

torsdag 4. juli 2013

Katteliv...


Er tilbake på hytta, no med selskap. Susse-Pus er på feriekoloni, sidan matmor driv og flyttar. Og Susse trives. Ute det meste av døgnet, kjem inn av og til, med småfugl-fjør i barten. Er det lite jakt å finne, serveres nykokt sei... Dagar med mykje nedbør er obligatoriske på sofaen, eller i senga med hyttevertinna...  Er det rart vi trives begge to...

GOD SOMMER TIL ALLE DERE ANDRE !

onsdag 5. juni 2013

Hytteliv

Det blir ikkje mykje handarbeid i desse tider, men litt småstrikk før sengetid er ein fin måte å koble av på...Dette skal bli nye oppvask-kluter på hytta..
 
Vi fornyer oss på andre områder også.. Endelig skal den halvferdige terassen bli tatt i bru. Enno ikkje opna for fri ferdsel, men no minkar det. Så skal det kleast under hytta heilt rundt. Det er både penare, og mindre vindfult, en når det står åpent. Det er ikkje til å legge skjul på at når stormen tek tak i hytta, så kjennest det..

mandag 6. mai 2013

Genser til Lillebror


Men den blei altfor stor.... Heldevis er slike små brora stadig i vekst, så det ordner seg nok etter kvart.
Innstrikka lommer på magen, splitt i halsen, og hette.

Mønster frå 70-åra, trur eg..  truleg Dale.
Strikka i Smart frå Sandnes.
Str. 2 år.

tirsdag 30. april 2013

På hyttetur..

 
 Tre veker fri er over....Den første blei brukt i heimen i påvente av betre vær. Den andre på hytta, til tross for enda dårligare vær. Tredje veka var eg heime att, og været er det samme... Kalt, sterk vind og kraftige regn. Det einaste fornuftige eg har fått ut av desse tre vekene er strikking....

Sesongens siste tøfler, klar til toving. Helt greit strikketøy når man er småsur og værsjuk..

torsdag 28. mars 2013

Påske

Med dette bilde, litt sundt og mykje godt, ønsker eg alle blogg-vener rundt omkring ei skikkelig flott Påskehelg.
Les værmeldinga, kle deg fornuftig, og ta vare på kvarandre, enten dokker er på fjellet, ved sjøen, eller heime i godstolen...
Sjølv feirer eg på "betong-holmen" oppe på Haltenbanken, og har det fortreffelig med gode vener..

onsdag 13. mars 2013

Platsøm


Platsøm har aldri vert mi sterkaste side, sjølv om eg her og starta i tidlig alder. Det har liksom blitt til at eg har brodert det enklaste, og sendt resten heim til mor. Til ho sa stopp, og nok er nok...
Beskjeden var klar:  no er det på tide at du lærer dette, du kan ikkje alltid lite på meg.
Dette skal bli ein stor duk, på oppdrag til Saniteten. Eg har tatt oppdraget, men det tek den tida det tek... Og heldevis har dei basar kvart år... Med vekselsvis litt hekling og strikking, går det sakte og sikkert framover.

mandag 11. mars 2013

Blå barnegenser


Enno ein barnegenser i restegarn. Skal på haustbasaren til Saniteten denne også. Men då trur eg det må vere ok for dette året, sjølv om eg har noko småtteri liggande halvferdigt....
Garn: Østlandsgarn (blått) +div restar i same tjukkelser..
Str. 4-5 år....
Mønster: frå eit eller anna ukeblad..

søndag 3. mars 2013

Mora mi...

 
Mora mi fylte 85 år i går. Dagen blei feira på bygdahuset med ein stor del av den næraste familie til stades. Koldtbord og kaker, kaffi og gaver..... Alt i alt ein flott familiefest.
Om ikkje helsa er som før, så går det greit med litt hjelp av og til.  Strikkepinnar og synåla er enno i bruk, sjølv om det heller ikkje er som i gamle dager..

tirsdag 26. februar 2013

Gavin Alexander

 
Farmors lille Prince, over there, har nett fylt eit år. Her avbilda i strikkedressen som han fikk til jul. Det er sårt å bu så langt unna, men farmor planlegg ny tur til Canada i løpet av sommaren..

lørdag 9. februar 2013

Grønn flettegenser

Genser som skal på høstbasaren til Saniteten. Den er strikka fra div. trådnøster fra eit tidligare stort fellesarbeid som Saniteten hadde. Genseren blei fin den, men eg likte ikkje heilt at flettene ikkje gjekk heilt opp. Brått virka den så mykje breiare over skuldrane.

Tråd: Østlandsgarn m/pinnar nr. 4
Størrelse: 4 år

God helg til alle bloggvener !

mandag 4. februar 2013

Liten frøkenkjole..

 
Etter ein lengre sjukdomsperiode, lite tiltakslyst, og den slags, er eg tilbake på bloggen. Det blei ein litt tøff, og ansleis start på det nye året. No er alt berre sol og glede innomhus, og sol og snøslaps ute...
Litt har eg då fått i orden. Det meste er nok div. prosjekt som er komt fram i dagslys og blitt ferdig.
Denne vesle kjolen har hekla overdel, og strikka "foldeskjørt". Den ser litt komisk ut i overgangen.  Håpar det rettar seg når barnet er påkledd. Ei lita jente er venta om nokre veker, og eg skal bli "gamletante" nok ein gong.

Mønster: Litt etter Bea, og litt sjølvkomponert.
Garn: 2 nøster Trysil babygarn.
Størrelse: 3-9 mnd.