mandag 18. februar 2008

Baby-strikking...

Til sommeren kjem ein liten ny verdensborger i familien. Og slike små må også ha klær. Valget falt på grønt denne gangen, det er kansje mest fordi baby,ens mor liker den fargen så godt. Sjølv synes eg kansje at den blei vel mørk, men fotografering på kjøkkenbenken er nå ikkje det beste. Blir det for trist, så får eg finne på noko anna.





Då eg var på handel i dag, skulle berre på apoteket ein tur, endte eg opp med 4 forskjellige strikkeprosjekt. Kjekt å ha, må berre ha...eller som Ole B: ja-takk, begge deler. Og eg som prøver å rydde unna..... fordi eg forhåpentligvis skal flytte til sommaren.

Ein tanke som kom der eg rusla rundt med trånøstene mine var: til nå i dette nye året har eg ikkje kjøpt eit einaste kles-plagg og heller ikkje sko. Og det skal heller ikkje gjerast før alle skuffer og skap er rydda, og eg har fått ny heim. Enn så lenge har eg rikelig til både meg og Fretex. Her kan eg vere bestemt, og så går det litt sport i å la være....



Om nokon ventar på nytt om den store duken, så er den eine langsida ferdig utklipt og med stolpar. No blir det ein liten pause. Skal reise på jobb i morgon, og duken blir att heime.

fredag 15. februar 2008

Problemer :(

Og fleire bilder fikk eg ikkje opp i kveld... Kansje går det betre når eg får sove nokre timar....
Vi får satse på det :)
Ha ein fin kveld...

Vårstemning

Etter å ha vert ei veke på hytta, er eg no tilbake i heimen. Og for nokre flotte dagar. Sol-oppgangen kvar morgon har vert eit eventyr. Kven trives ikkje med slikt.







Snøklokkene står fint og nikkar i vårsola, krokus og påskeliljer er heller ikkje langt unna. Fikk besøk av ei veninne i 2 dagar, og innimellom måtte vi ut og beskue geografien.

fredag 8. februar 2008

Helg


Det har vært litt stille her på bloggen no. Har vært ei veke heime hos gamle mor. No er eg tilbake, men tek ein tur på hytta i helga og nokre dagar framover. Har vært litt slapp på handarbeidsfronten, men mor fikk nye gardiner. Og så har eg fått lest nokre bøker, besøkt søstra mi.........

På hytta skal eg kose meg med bøker, sport på TV, og den store hardangersøm-duken. Det minkar no.


Ønsker alle som er innom ei riktig God Helg.