Rababraen som kom til øya i fjord vår i ein ryggsekk, har bestemt seg for å komme opp. Men her har eg både kjefta og bedt, den måtte berre ha litt tid på seg.
Ved utedoen blomstrar det flott. Do,en er naboen sin, og ikkje i bruk til vanlig. Men då vi har pumpe på brønnen, er det greit å ha reserveløysing om strømmen går.
Sjå kor stilt det er på sjøen. Men det er ikkje alltid slik, det er ikkje utan grunn at det er bardunar på trampolina. Bak øyane ligg Nordsjøen, neste øy blir Shetland.
Det aller meste av møblar på hytta er arva, fått, eller kjøpt på bruktbutikken. Dei 4 siste stolane fikk ein ansiktsløftning i helga. Fargen heiter Romantikk (Vanilje) og er den samme som på kjøkkenskapa. Stoffet er maretimt blått m/smale lyse striper, samme som sofaen.