lørdag 20. september 2008

Ut i den store verden...

Kufforten er pakka.....


kjolen er opplagt......


og nye sko og veske er på plass...
I morgon tidlig går reisa ut i den store verden, og "over there". Mamma,s yngsemann skal gifte seg neste lørdag. Etter den store dagen skal mor feriere i to veker før ho er tilbake i Norge.
Og på ferie har ein då med det meste, også handarbeid....
God helg, og ha nokre fine haustveker alle som er innom.



fredag 12. september 2008

Sesongstart.

Sesongen er i gang, ullsokkane er kjærkomne gaver. Desse er strikka i østlandsgarn, mjuke og gode , men kansje ikkje av dei mest slitesterke. Størrelse 5-6 år og 8-10 år.


Her skulle det bli skikkelige robuste greier. Dobbelt sisu, slitestert og godt. Men noko skjedde undervegs.. Enten så var augemålet litt lite, eller lengda på nøste for kort. Eg har ikkje nok til tåa. Men tå skal det bli, berre eg kjem meg heim og får rota litt rundt i nøstehaugen. Kan ikkje love at den bli make i farge, men på plass skal den. Størrelse 10-12 år.
Å fotografere inne på ein liten lugar, med ørsmå gluggar ut i det fri, gjev ikkje noko gode resultat.






mandag 8. september 2008

Livet består av øyeblikk, nyt dei...

Kan verden bli flottare ? Dette bilde er tatt i kveld kl. 20:25 frå riggen der eg jobba. Sjøen er nesten speilblank, temperaturen ca.20 grader.





Om nokon lurte, ja eg tatt fram att strikkepinnane. Det er haust, i alle fall på kalendaren. Enno er resultatet ikkje noko å vise fram, men det kjem....



Ha ei flott veke alle som er innom.

lørdag 6. september 2008

Tankar ein lørdagskveld.


Teller du år blir livet kort,

teller du dager, går livet fort.

Teller du timer, varer livet en stund,

men lengst varer livet

om du nyter hvert sekund.

onsdag 3. september 2008

Langhelg.......



Nok ei flott helg på hytta er over, her er ein plass der alle trives, også rosene. Sjølv om hjorten gjorde sitt beste med nedskjæring sist haust, og no i vår, så er desse rosene utruleg frodige.
Denne helga hadde eg besøk av ei veninne, og vi koste oss stort.






Natt til tirsdag blei det store nedbørsmengder, til glede for alle som no har tomme brønnar. Men å gå tur kan gi like store utfordringar, om ein ikkje brukar fantasien.







Tid til handarbeid blei det også. Det meste av dagen var vi "utomhus". Naturen og god-veiret må nyttast så lenge ein kan.