mandag 22. november 2010

Hjertevarme...

Dette innlegget fann eg i kveld hos Stubbetufsa, og synes det er eit flott tiltak. Dette er eg gjerne med på.

Hjertevarme søkes! Har du tid til å strikke ett par sokker før jul, eller noe annet som varmer?Jeg samler inn sokker, luer og sjerf til julegaver til gatemagasinselgere som står ute og fryser i kulden. Nestekjærlighet koster så lite!Spre budskapet, og vær med i trekningen av gavekort på 300 kr fra Wallas verden, eller Wallwords fra Roka design. Kom inn på Bloggedamer40+ og si fra om du gjør det!Klem, M(Et glimt av M)

Vil du vere med så sleng deg på...

Brodering...

Under den store oppryddinga nylig kom mykje syarbeid fram i dagslys. Dette er nye mønster, kjøpt for nesten ingenting på bruktbutikken.. Kjekt å ha, skal nok brukast ein gong...


Poser med diverse broderier. Nokre frå bruktbutikken, andre kjøpt lokalt ein eller anna gang då eg tenkte at no skulle det broderast....
Det er nett det same kva arbeid er held på med, blir eg lei ender eg alltid opp med strikkepinnar..


fredag 19. november 2010

Småstrikk

Tru ikkje anna enn at eg har posar med strikkegarn og div. UFO,ar på hytta og.. Nokre regntunge dagar der sist veke, og 4 panneband er ferdig.

2 par restegarn-sokkar er også med heim att. Dette er slikt som ein alltid har bruk for.
Garnet er restegarn av ulike sortar, men alt er i ull. Varmt og godt på kalde vinterdagar.

søndag 14. november 2010

Kjøpestopp.

I tider med julegave-produksjon, som ein ikkje bør blogge, går tankane andre vegar. Etter ein større opprydning i div. skuffer og skap, er saken klar. Her blir det innkjøpsstopp resten av året, og langt ut i neste..
Dette er strikkegarn, og litt heklegarn, sotert etter garntypar. Her skal det bli mykje rart, når berre eg får tid..
Om nokon skulle skimte ei rekke korger i venstre billedkant, så er det stoff. Må jo ha det klart om eg brått skulle få lyst å sy.
Stadig vekk så er det noko på tilbud, eller er spesielt på ein eller annan måte. Og då er det jo greit å ha kjøpt det, så det ligg klart når ein skal starte, eller...
Men no er det stopp, lenge....
Ha ei flott veke !

fredag 12. november 2010

Gaver..

Jula kjem stadig nærmare, gave-produksjonen er på topp. Men så er det ikkje alt ein kan blogge før i romjula. Her i heimen blir det både brodert og strikka i desse tider, enno i kontrolerte former..

Den som sjølv syslar med slike saker, skjønar nok nesten kva resultatet blir. Dei andre får vente til seinare. Mottaker håpar eg har nok å sysle med i sine heimar, så dei gløymer å vere innom her så ofte.
Om nokon saknar siste nytt om dei 2 store fanakoftene, snart ferdig dei og..

onsdag 10. november 2010

Om å sko seg...

Vintaren har komt, no er det ikkje tvil om det... Med klar himmel, minus 2-6 gr. og sol midt på dagen. Eit nydeleg vær, berre ein har vætt å sko, og kle seg skikkelig.
Og det er problemet. Ein skor seg ikkje skikkelig før ein har hatt ei nesten-ulukke. Og prøver lengst mulig å gå i minst mulig klær.
Men no er eg sikker. Vinterklær og sko er komt fram frå skuffer og skap.

Desse vinterskoa er slett ikkje dei penaste eg har, men heilt sikker dei eg føler meg tryggast i, på glatt holkeføre. Kjøpt ein vinterdag i Helsinki. Hendig og enkelt vipper eg "hesteskoa" på plass, og vips så er eg skodd for det meste....

Huks refleks, det og høyrer vintaren til.....

søndag 7. november 2010

Oppvask-kluter

Er kjapt å lage, greit å ha, og ikkje minst morsomt å gi bort til små veninnegaver eller lignande... Dette er slikt arbeid som eg kaller reise-handarbeid. Får plass i den aller minste handveske, og treng ikkje mønster. Det går nesten på autopilot med heklenål eller strikkepinnar.
Og så er det grei måte å få vekk restegarn på.
Ved opprydding i skuffer og skap fann eg 3stk. poser med nesten ferdige klutar..
Her er resultatet når kvelden var omme...

onsdag 3. november 2010

Montering

er noko "dritt", men må gjerast. No er denne vesle gensaren m/hue, og fanakofta ferdig. Begge er i st. 2-4 år. Kofta til Rigg-basar, og gensaren julegåve.
Og sidan jula kjem nærmare, skjønte eg brått at her må det jobbast. Få ting og tang unna, ikkje berre starte på nytt når eg ser noko spennande..