lørdag 31. januar 2009

Vottar og hals...

Eit par vottar og hals. Vottane er lett tova for å få dei litt faste og varme. Halsen er strikka i patentstrikk og må få nokre pynteknappar e.l. når eg kjem heim til meg sjølv... Garnet er Safir.
Fargen er litt finare enn fotoet viser..



Eit par vottar til. Desse skal også tovast lett, og her blir det også strikka hals. Alt er restegarn.

God helg til alle som er innom.

mandag 26. januar 2009

Brann-gensar

Brann-gensaren er ferdig, overlevert og på vei til Karmøy...... Den er jo flott, men noko d... å strikke. Det endte med å klippe tråden for kvar omgang, og 1000 trådar å feste til slutt. Størrelsen er 10-12 år.

Om Brann nokon gong bestemmer seg for å forandre mønster må dei berre ta kontakt. Eg skal nok klare å klekke ut noko som let seg strikke på enklare måte.

Og om nokon lurte, ja storebroren skal og ha genser, st. laaaaaaaaaaarge........

lørdag 24. januar 2009

Litt av kvart i restegarn....

Denne hue-hatten blei til då eg venta på fly og helikopter på tirsdag. Er strikka i ein eller anna angorablanding, og grått strømpegarn saman. Strikkepinner nr. 4,5. Mønsteret blei til etter kvart... Den blei fast og fin i fasongen, passer kansje best til litt eldre damer (bestemødre).
Den skal giast bort til nokon som frys om vinteren...


Denne skal også giast bort, saman med halsen som var på forige innlegg. Den har nok eit meir ungdommeleg preg, men varmer nok godt... Er strikka i dobbel babygarn, etter same prinsipp (les mønster) som den første.

Desse to para med sokker var ferdig litt før. Første paret er som einegga tvillinger, medan siste paret knapt er halvsøsken. Strikka i Opal.

GOD HELG

mandag 19. januar 2009

Hals.

Denne blei til lørdags kveld foran TV,skjermen, etter ide frå fleire bloggare som hadde laga den. Tråden er restegarn, Ida strømpegarn og Baby Ull frå Dale. Opplegg: 25 masker og pinner nr. 4. Kjapt og greit, og ein utmerka måte å få vekk restegarn.

onsdag 14. januar 2009

UFO,ane har flydd

ut av skapet denne veka, og symaskina er komt heim frå doktoren, frisk og sprek. Men fordi prognosen var dårleg på ei 38år gammal maskin, rakk eg å kjøpe ei ny brukt før legen hadde fått uttale seg... så då så.. no har eg to.


S øster Kari sin juleduk nr. 2 har fått påmonterte band. Kjem de og hentar den ?

Ei strikkejakke som har venta eit par år på band er ferdig. Hadde ein mistanke om at den var for lita, og det stemde. Blir no gitt bort..
Sofaputa frå nabo,en er ferdig og komt på plass i den lille sofaen som nesten aldri er i bruk. Er redd for den, dette blir eit spesielt minne..

Eit lite stykke applikasjon. Gikk på kurs, må være 2-3- år sidan.

12 ulike heklabrikker, her var det berre å feste tråder. Kan ikkje skjønne kvifor eg ikkje jar gjort det før.

Hardangersaum. Denne lagde eg på jobb, skulle lære jentene å brodere hardangersaum. Den venta på falding.

Ei lita rund brikke som låg i ein komode eg kjøpte på auksjon for mange år sidan. Den er blitt vaska og stelt, har fått ein liten blondekant. Ender nok på hytta..

To ferske skjerf, låg der berre og venta på festing av tråder. Eit til meg og eit til gave.

Dette er ingen ufo, men ein gensar eg strikka for nokre år sidan. Har vert pent brukt, men oppheng etter vask. Dermed har den desverre sege ganske mykje. Og eigaren har trygla om hjelp. Så no har eg tatt av den både på armane og bolen, og strikka nye brot. Ikkje direkte vanskeleg, men heller ikkje det minste moro med flettemønster alle veier...
Er sånn passe fornøgd med resultatet, men eigaren kjem til å juble. Han var glad i gensaren, men slutta å bruke.

No ligg det eit prosjekt att i skapet. Det må eg ha hjelp til, så det kjem fram i dagslys seinare.

mandag 12. januar 2009

Award..

Sjå kva eg har fått, ein award frå Gamleheksa på Toten. Blei både glad og stolt, og lurer på om eg er kreativ nok til dette her... Men har eg fått den, så er den min.... og eg deler den gjerne med andre. Kandidatar er det er det nok av, mange virkelig flinke damer her på nettet.....



Regler for denne awarden er:
1. Vinneren kan kopiere denne logoen til hans/hennes side.
2. Lag en link til han/henne du fikk awarden fra.
3. Nominer minst 7 andre blogger.
4. Lag linker til disse bloggene på bloggen din.
5. Legg igjen beskjed på bloggene til de nominerte.


Dei heldige i kveld er:




Så, her er eit knippe med "heldige" damer.


Og alle dere andre, ha ein fin kveld.

fredag 9. januar 2009

Nåleputer.

Eit knippe nåleputer, alle like spesielle. Sjølv om eg helst har knappenåler i ein liten boks, så har eg tatt vare på desse. Dei elste har for lengst nådd alderen for antikviteter..



Denne blei laga på juleverskste i 1990. Eg meiner å huske at det var minstemann som med litt hjelp stod bak produksjonen. Han var då nesten 8 år, og trivdes med symaskina.


Denne er det i hvertfall minstemann som har laga. Det var på Gjøvik, juleverksted hos ein nabo. Og mamma som hadde vert på jobb i havet fikk den i julegave. Året var 1988, og guten var ikkje fylt 6 år.


ca. 1985. Eg skulle hjelpe ein nabo med noko syarbeid. Ho var nok litt oppgitt over alle nålene i ein blikkboks. Så då kom denne i hus. Den heiter Elin..


Vinteren 1969 flytte eg til Bergen, og bodde der i nesten 3 år. Då fikk eg denne av ei veninne, men kjenner ikkje meir til opphavet. Den er hekla som ein hatt, fylt med bomull og kjempesøt. Legg merke til lommen for å putte fingerbøla i. Fingerbøla er i sølv (den vart ikkje pussa til jul...), og den fikk eg til konfirmasjonen i 1967.



Denne er også frå den tida eg bodde i Bergen, og er den eg fikk aller først. Bakstykket er papp, trekt med gammaldags hyllepapir. Så ein ny papp, fyll med eit eller anna, og trekt med bommullstoff. I alle hjørna er det stukke inn knappenåler med litt store hovud og trekt vanlig bomullsgarn rundt.
Ei eldre dame gikk på dørene i blokka og selde desse... Ho hadde kansje ikkje så mykje og hjelpe seg med, kven veit... Det var trange tider då også.
Noko artige minner er det ihvertfall blitt...



søndag 4. januar 2009

Nytt år, og nye myligheiter...

Nyttårsgjestane er reist heim att, julepynten sanka saman og på vei inn i skuffer og skap. Det er tid for ettertanke..
Korleis har det gamle året vert, og kva kan ein forvente i det nye... Ser ein på Dagsrevyen er det slett ikkje noko øyeblikkelig forbetring frå i fjord, heller det motsatte.
Konge og Statsminister har tala, men tek vi det til etterretning, eller ventar vi litt og ser... Ein ting er i alle fall sikkert. Kvar og ein av oss må begynne i det små, og etterkvart utvide kretsen av gode tankar og gjerningar.

Nyttårsforsett har eg aldri hatt. Det ville ikkje fungere alikevell, eg er nok eit skippertak-menneske. Det er ikkje lenge sidan eg tenkte at no må UFO,ane ut av skapet og få eit verdigt liv. Så starta eg på Brann-gensar medan tanken var ganske ny. Men dette er ikkje handarbeid i godt selskap eller foran tv-kassa. Tenk å lage noko så kjedeligt mønster, brukte ein dag på å bestemme meg for korleis eg skulle angripe saken. Det endte med klippavtrådenforkvaromgang.

Nei då er det mykje enklare med noko så kjedelig som sokkar. Glade vårfargar, sola inn over stovegolvet, og eg hadde vårstemning i heile ettermiddag. Om eg no får den andre sokken tilnerma lik, så har det vert ein vellykka dag, i all fall her hos meg.

Eg skal rydde i UFO,ane ein dag seinare, trur eg...