Viser innlegg med etiketten Oldemorsruter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oldemorsruter. Vis alle innlegg

fredag 9. desember 2011

Skilpadda Kari

Bunn..







Hovud og hatt...





Skilpaddeskall...







Ferdig montert...

Sist eg besøkte søstra mi, Kari; fikk eg overlevert ein pose garnnøster og eit halvferdig, umontert arbeid.. Orkar du overta dette, eg blir gal. (les: eg får migrene). Ja, då er storesøstre godt å ha. No skal det seiast at Kari er flink med hendene, og får til det meste.. Men så var det tolmodigheita (og migrenene) då... Slik kom det ei mengd halvferdige lappar inn i heimen.






Eg prøvde å dytte det over på husets datter, lokka med både middag og kaker. Etter å ha hekla saman nokre ruter, gjekk resten nesten vegg i mellom... Nei Takk, andre sine halvferdige produkt er det verste eg veit..






Ja-ja, så var det å ta fatt sjølv. Og no er skilpadda på veg heim til Sunnmøre på snølagte vegar..






Ha ei flott helg !







lørdag 18. juli 2009

Det er mangt som varmer...

I dag fikk eg denne nydelige hortensiaen frå ei veninne, bringa på døra. Som takk for lua og pulsvantane som eg strikka til henne. Den skal få bu i hagen på hytta.



For nokre vekser sidan kom dette kortet i posten. Denne sjarmøren har ikkje
strikkande tanter eller bestemødre, så Bea og eg har adoptert han...


To sett lue,skjerf og vottar blei det. Vottane kunne ha vert litt lengre, men da var det slutt på tråden.


Bestemors-rutene mine tar form. No manglar eg berre 8 stk. så er eg i mål. Det må vel kunne ordnast ein laurdagskveld foran "titte-kassa"..






God lørdagskveld til alle.





tirsdag 16. juni 2009

Ullvest.

Dette skulle bli ein lun vest til hutrige vinterdager. Om ikkje varmen snart kjem, så har eg bruk for den straks. Vesten er strikka i "strukstur-strikk", og det blir litt fram og tilbake. Er ikkje egna arbeid foran TV eller med gjestar i stua. Garnet er frå Kina...

Bestemorsrutene går stadig framover. Har nokre trådnøster liggande på hytta, og nokre i heimen. Så slepp eg å dra det fram og tilbake. Blir mykje hytteliv framover...

torsdag 4. juni 2009

Ei Bestemor om dagen...

Har i lengre tid sett på alle som lager ei "bestemor" om dagen, og har tenkt: skal, skal ikkje..
I dag var beslutninga tatt, og då skjer ting fort, veldig fort her i heimen......

Medan eg står der og sorterer trådnøster på Europris, ser eg brått at eg er utan sokkar og i tøfler..... No er vegen kort, veldig kort. Men alikevel.... Er heilt sikker på at eg hadde pussa tennene, og ellers var heil og rein i klærene..

Og Europris som feira 5-årsdag og delte ut kaffi og kaker til kundane sine. Det var berre å smile pent, takke for bevertninga og rusle heim. Vel innomhus fikk eg nesten latterkrampe, der eg koste meg med kake, kaffi og nye trådnøster.

Ei bestemor om dagen, kan lett bli Ei bestemor i magen..
God helg til alle, i morgon ventar hytta på meg.

tirsdag 13. november 2007

Hytte-tur.

Har vært et par dager på hytta for å klargjøre til vinteren. Alt av hagemøbler etc. må innomhus så det ikke flagrer avgårde i vinterstormene. Varmen måtte settes på vann-rørene, føler at kulden kan komme når som helst. Litt varme må det være inne også, og oppfylt ved-kasse til neste besøk. Kommer nok til å ta korte turer i vinter også, er greit å følge med.





Har startet på pyntebånd som jeg skal ha på hytte-gardinene. Synes det ble penere en de som var fra før. Dette skulle være et hytteprosjekt over lang tid. Trenger 11 stk. Lot seg lite gjennomføre med stearinlys og andre små lyskilder. Så nå smughekler jeg i hjemmet og er komt til 7 stk.




Ikke gikk det å brodere heller. Stor var lykken da jeg fann litt babygarn og en heklenål. Så da blir det babyteppe, om ikke denne vinteren, så kansje neste.