mandag 17. august 2009

Ferdige produkter, nesten...

Så er OL-gensar nr. 2 ferdig. Ei utruleg våt langhelg på hytta sørga for det. No er det berre ein att. Desse to siste gensarane skal bli julegaver. Monteringa tek eg samla til slutt.

Kina-vesten er no ferdig også. Utruleg mjukt og fint ullgarn, som eg ikkje veit noko meir om. Denne skal bli fin til kalde vinter-kveldar. Måtte det vere lang, lang tid før eg treng ta den i bruk. Knappar har eg kjøpt , og arkivert. Men kvar dei ligg, det veit eg desverre ikkje...
.................................................................
I morgon er det " back to business".
Ha ein fortsatt fin seinsommar alle saman....

torsdag 6. august 2009

Ut på tur, og ikkje sur...

Berre ein har noko å fordrive tida med. Håpet for turen var Lofoten, og der har det vert ein fantastisk sommar, seiast det. Min ferie enda i Trøndelag, med slike nedbørsmengder at vi burde ha kasta ut dregg og tatt på redningsvest.


Kva gjer ein då... Regnbukse og støvlar vart innkjøpt, men kvar tørkar ein slikt i ein bitte liten bobil..
Ein mjuk start på OL-gensaren,enno skin sola litt...

Og eg strikkar ikkje under fart, berre med "landligge...

Har ikkje med meir tråd, kven skulle tru at eg trengde store mengder...

På nærmaste samvirkelag var det salg på Falk-garn. Humøret stig, mønster og pinnar har eg med. Ein ny OL-gensar ser dagens lys, str. 10 år. Endar sikkert på basar, men den redda feriedagane mine...

Redninga er strikketøy, meir strikketøy, kryssord, kabal, suduko, og nokre flasker med vin..

onsdag 5. august 2009

Blogg-gave

Her er gryteklutane eg fekk frå Annepålandet, i anledning konkuransen ho hadde. Mønsteret ser litt "trøblete" ut, men no er koden knekt. Har låva å ikkje sladre, så om nokon lurer på den, må dei nok henvende seg til opprettshaveren.

Vakre er dei i alle fall, gode og tjukke også....