søndag 30. november 2008

Så tenner vi et lys i kveld...

Så tenner vi et lys i kveld
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er til stede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.


Noko som har gleda meg stort siste veka, er desse gamle, flotte fotografia som ei gammal tante gav meg. Den flotte staute karen i matrosdress er min far som 1 1/2 og 3 åring. Jentene er ei storesøster og ei ny lillesøster. Dette blir ein dyrbar skatt....

lørdag 29. november 2008

1.søndag i advendt.

Har sikkert sakt det før, her hos meg starta forbredelsane ikkje før 1.søndag i advendt. Nissane var først ut av skapet, her sit dei øverst oppe og overvakjer at alt går rikig føre seg og alt kjem på rett plass. Vanskeleg nok, sidan dette er første jula her...

Litt raude blomar skapar alltid førjulsstemning. Slik her og...

Gjesterommet er rydda, om nokon skulle trenge ei seng i romjula. Med mindre plass har ikkje mor eiget syrom lenger, men har laga ein liten og praktisk krok i enden av bokhylla.


Trådnøster og stoffbitar pent på plass i korger, og ute av synet, enno.....


Juleporselenet har flytta frå nederste stueskapet, til kjøkkenet. Har både middag og kaffi service og det er i bruk fra no av og til 2 nyttårsdag.


Med gensaren går det framover, i nett passe tempo. Den skal ha mønster på ryggen og framme på brystet. Det kan syast på til slutt, eller strikkast fram og tilbake. Er ikkje sikker på kva som er å foretrekke her, har nokon strikka denne før, og har eit godt forslag...
Ha ei fin helg, alle bloggvener....





onsdag 26. november 2008

Søndagstur i skog og mark...

Ein nydelig dag, etter stormen som herja på Vestlandet før helga. Desse bilda er frå Romsdalen.

Ein veldig lokal art av Turistforeninga si merking.

Litt sterkare hyssing i bratta...

Slutt på gavebandet, her er litt ruskete nøylonsnøre fra bua. Dette er vel gjenbruk..


Er dette malingsrestar frå løe-veggen...



Vel inne at i varmen er det strikkepinnane sin tur. Dette skal bli ein Brann-gensar, det er vel det nærmaste eg kjem fotball. Størrelsen er 10-12 år, og skal til ei veninnes datter. Og denne jenta har ein laaaaaaaang storebror, som også skal ha gensar.
Hastar ikkje seier mamma`en, skal være bursdagsgaver ut på våren eingong...





torsdag 20. november 2008

November....

Denne vakre kaktusen stod i full blomst då eg kom heim frå jobb. Og det er ganske utruleg, den fikk desverre hard medfart under flytteprosessen i sommar. No står den her og er ein forsmak på jula....
Her hos meg er det enno ikkje noko som minner om jul. Eg har i alle år starta juleforbredelser med 1.søndag i advendt, bortsett frå julegavene.. Synes det er ein grei tradisjon. Ein annan tradisjon som er blitt til dei seinare åra, er å hjelpe mor med innkjøp, pakking og forsendelse av julegaver. Er ikkje greit når ein forlengst har fylt 80 og har ein haug med barn, barnebarn og oldebarn. Så no har mor vert på besøk ei lita veke, og det meste er unnagjort...

I dag reiser eg med mor heim att, er tilbake i heimen over helga........

lørdag 15. november 2008

Nokon bedre.......

Denne nydelige puta har eg fått i kveld av naboen Willy. Ein koseleg kar med god trening med synåla. Eg og ei anna jente er av og til innom og drikk rødvin og pratar.
Nå er det mange menn som syr, men dette er alikevel litt spesielt. Mannen blir 92 år til våren, koker og baker all maten sjølv, har bil i car-porten og broderer dei flottaste puter og veggtepper.
Og broderiet er så gjamt og fint, at eg hadde ikkje gjort det betre sjølv...

søndag 9. november 2008

Barnegenser

Denne barnegensa-armen er blitt til dei siste kveldane. Størrelsen er 2 år, rett og slett fordi eg ikkje hadde tråd til meir, og mønsteret er Seterdal. Ingen bestemt mottager enno, dette kjem nok under "kjekt å ha arbeid" på jobb.

Ord ein søndagskveld, etter at kontoret er rydda og eg så smått er i heimreisehumør...
Tida strekker til for den som bruker den.
Ha ein flott kveld.

torsdag 6. november 2008

Eg fant, eg fant...

Så er den bortkomne brikka komt heim att, og fotograferinga kan igjennopprettast. I mellomtida er skjerfet ferdig, og eit til nesten avslutta. Det eine blir nok julegave... på mønsteret skulle det vere frynser i endane, men det trur eg ikkje eg vil ha. Trur kansje dette skjerfet blir penast utan. Ellers er eg veldig fornøyd med både farge og kvalitet.

2 nye sett med gryteklutar er det også blitt, og fleire blir det nok. Hadde så mykje bomullstråd liggande, og dette er kjekke julegaver her i nordsjøen. Skal være ute i jula og då er det kjekt med ei lita helsing til nære arbeidsvener.

søndag 2. november 2008

1-års dag


Som har gått forbi i stillheit. Eg var så sikker på at dagen var den 16.november, men der tok eg feil. Den 16.oktober hadde eg vert på blogg i eitt år. Kansje ikkje det heilt store å feire, men for godt vaksne folk utan dei heilt store data-kunnskaper så synes eg det er litt likevel. Den som har den største æra er "gullungen", som har holdt ut og hjelpt til når mor ikkje får ting til å funke...


Kansje vi skal ha "strikkekafe" når eg er heime att, med kaker og litt vin...


Til alle dere bloggvenner som er innom... Kansje ei aldri så lita helsing med ein overraskelse til ein eller annan med høytidelig trekking på strikkekafe,en...