torsdag 30. august 2012

Annorakk til Erlend

Lille Erlend kom til verden i sommar. Som sjølvutnevnt "strikkebesta" til han og storebror, måtte eg finne på noko. Denne "annorakken" er strikka i dobbelt babygarn, str. 6-9 mnd. Kan være god å ha når hausten kjem inne i  Sogn.

onsdag 29. august 2012

Nytt inn og gammalt ut...

Ny PC i heimen. No skal det bli betre tider, både på bloggen, nettbank og andre plasser. Har i lengre tid lånt ein pc som ikkje alltid ville som eg ville... Det er både kjedeligt og frustrerande.
 
All den gamle "skiten" er på veg ut av huset. Samtidig så liker eg ikkje dette kjøp og kast greiene. Men slik er verden blitt, og innen teknologien er det ikkje vits og samle opp, og tru at ein får bruk for det ein dag..