tirsdag 9. august 2011

Haust-strikking....

Eg føler hausten nærmar seg, og då er det sokkestrikking. Alltid nokon som må ha fornying i skuffer og skap. Litt til Albania må det bli denne hausten også...






Det strikkast på hytta.....








og det strikkast på "hybelen".




I morgon er det arbeidsreise, då er klutar på ein liten rundpinne flott arbeid.






Strikkebitti har spurt om eg sel gryteklutar. Normalt så gjer eg no ikkje det, men alle reglar har eit avvik. Legg inn ei e-post adr. som eg kan nå deg på, så ordnar vi det...






søndag 7. august 2011

Med glimt i auge...

Dette er forløbi siste paret av gryteklutar. Slike kan eg huske frå min barndom... Desse skal få hedersplass på det nye kjøkkenet mitt ein gong ut på våren...
No er det meste av bomulls-garnet brukt, bortsett frå det som skal strikkast klutar av. Og sidan det er veldig greit reise-arbeid, har dei nøsta fått plass i reiseveska...

fredag 5. august 2011

Gryteklutar og nåleputer..

Tre nye par med gryteklutar er ferdige... og tre nåleputer. No minkar det raskt på garnet, men enno er det litt igjenn...


God helg til alle og einkvar..