lørdag 24. desember 2011

Nordsjønissen...

Helsar alle sine bloggvener ei riktig God Jul!



mandag 19. desember 2011

Julegavesokker....

Eg har nylig hatt den etter kvart tradisjonelle førjulsveka heim til mor. Det er alltid noko eldre damer vil ha hjelp til når jula nærmer seg, og pakking av julegaver er noko av det...
Mor har 11 barnebarn, dei fleste med samboer/kjæreste.... og 14 oldebarn. Høgt på ønskelista er heimestrikka sokkar, og dei fleste får det....
Slik hang nokre av dei på badet, nydampa og med navnelapp då eg kom. Så då var det berre å ta fatt med innpakkinga......

Ha ei flott førjuls veke rundt omkring, og ikkje slit dokker ut !

fredag 9. desember 2011

Skilpadda Kari

Bunn..







Hovud og hatt...





Skilpaddeskall...







Ferdig montert...

Sist eg besøkte søstra mi, Kari; fikk eg overlevert ein pose garnnøster og eit halvferdig, umontert arbeid.. Orkar du overta dette, eg blir gal. (les: eg får migrene). Ja, då er storesøstre godt å ha. No skal det seiast at Kari er flink med hendene, og får til det meste.. Men så var det tolmodigheita (og migrenene) då... Slik kom det ei mengd halvferdige lappar inn i heimen.






Eg prøvde å dytte det over på husets datter, lokka med både middag og kaker. Etter å ha hekla saman nokre ruter, gjekk resten nesten vegg i mellom... Nei Takk, andre sine halvferdige produkt er det verste eg veit..






Ja-ja, så var det å ta fatt sjølv. Og no er skilpadda på veg heim til Sunnmøre på snølagte vegar..






Ha ei flott helg !