tirsdag 31. august 2010

Berlin - Spreewald

Postbudet kjem...

På båttur i smale pramer...

Idyllisk landskap, og vakre hager...


Sjølv i regn, blir ein glad og fornøgd i dette eventyrlandskapet...



Vel heime att frå Tyskland, er det tid for å dele bilder og inntrykk. Berlin er ein storby som i dag er vanlig å besøke, og dei fleste som er der har vert innom bysightseeing og alle serverdigheitane. Likeså romantiske kafeer og digre varehus... For meg var alt dette nytt og spennande, og har ikkje du vert der enno, prøv å ta turen. Du vil ikkje angre.


Det som for meg var ukjent, var Spreewald. Vi kom til småbyen Lubbenau, der turen på kanalane starta. Smale pramer, Kahne, som blir staka framover på kanalane inn i sorberenes rike. Sorberene er eit vestslavisk folk som har beholt sitt eige språk og kultur. Desse fiskerike kanalane var stort sett berre 1-2m djupe, og hadde ingen form for forurensing. Her kan man leige feriehus, ta turen over til naboen, handle på hjørnet. Ja, stort sett kan ein leve eit normalt liv, berre ein har ei prame å ta seg fram med.


Er du først komt til Tyskland, må du prøve å få med deg dette...







torsdag 19. august 2010

Små og store hendingar..

Skjeldan har eg opplevd så mykje på ein sommar som i år, og like skjeldan har eg vert så lite aktiv på handarbeidsfronten. Men ein flott sommar har det vert, sjølv om det vart lenge å vente på den, og enno er den ikkje forbi.. Blogging blei det og lite av, er nesten ikkje heime..



På veg heim frå jobb no i august. Ein mellomlanding på ein oljetanker blei ikkje heilt som forventa. Ca. 4t. venta vi på vidare flyging. Folk er slitne etter 14 dagar i "olja", då er det greit å slappe av under helidekk. (med feber og bronkitt kan ein like godt ta ein skikkelig blund....)





Sengeteppet på hytta veks litt etter litt. 10års prosjektet er snart ferdig, greier det kansje på 8år. For å skryte litt, alt er handsydd.




Ny Bergenstur med mor. To dagar med eit sørgelig regnveir, slik det kan vere i den byen. Litt shopping blei det, og familiebesøk. Resten blei innekos på hotellet, med følelsen av å vere fine damer... og det var vi der og då...





Sykkeltur på Rallarveien. Toget opp frå Flom til Haugastøl. Sykkel tilbake til Finse, og overnatting. Neste dag vidare ned til Flom. Ein nydelig opplevelse som anbefalast....

Den sterkastes rett gjelder her og.... geitene på veien, sykklisten på enga...






Ny sykkeltur, her med Florø Turlag. Dei fleste kom med rutebåt til Villevika. Her går Nordsjøløypa vidare til Sørgulen i Bremanger kommune. Ein flott opplevelse dette og....







Med dette vakre buss-skuret langs løypa, ynskjer eg alle ei flott helg. Etterkvart blir eg nok meir på bloggen, og kjem innom og helsa på kvar enkelt av dere..

Men ikkje kommande veke, skal til BERLIN.......







Kongeskipet Norge

Så kom den endelig, sommaren på hytta. Rosetre,et som i vinter nesten måtte gi opp, blomstra som aldri før. Set nok pris på sol og varme, det og...

Litt tid til strikking blir det, men ikkje mykje !


Den nye terassen mot sør/aust. Her skal det bli mange fine stunder framover. Sjølv om arbeidsleder Bea ikkje har gitt klarsignal for fri ferdsel, måtte den prøvast. Utsikten her er mot aust....
Her ser ein rett vest mot havet. Blir aldri lei av denne utsikta. Kan sitte i godstolen og berre nyte i lange stunder....


No er det slik at hovedskipsleia går rett forbi mi "lille ø". Her kan ein sjå alt av trafikk som fer langs kysten. I dag var det kongeskipet. Dronning Sonja har vitja byen, vi er enno ikkje ferdig med å feire våre 150 år.