søndag 27. januar 2008

Båt-tur....til hytta.

I dag har eg vert ein snartur på hytta for å sjå korleis det stod til der etter vinterstormane og nedbøren dei siste månadane. Har ikkje vert der sidan sist i oktober. Og heldevis, alt var ok.

Allerede når eg stig i land på kaia kjenner eg korleis skuldrane dett på plass. Stillheita og roa er det som pregar øya. Her er ikkje by-støy og travle menneske som hastar frå plass til plass. Berre eg, naboen og ei ørn som sat og skua utover fjorden.


Er det rart at eg ventar og lengtar.... og her er det eg lengtar etter......



Om eit par veker har eg planer om å ta turen utover og være ei vekes tid. Enno kan det komme vinter og storm, men det er nett det same om eg måkar snø her eller der. Dagane blir i hvertfall kortare for kvar dag, og etter vinter blir det alltid vår, og sommer.



Ha ein fin kveld, og god start på den nye veka som kjem.

3 kommentarer:

Laila Kristin sa...

Kjente at skuldrane sank berre eg las om det:) Her ligg vi febersjuke, hadde nok hatt godt av ein hyttetur.

Anonym sa...

Nydelig bilde, det øverste!! :)

HildeS/Frøken Fryd sa...

Eg skjønar godt at du likar deg i den flotte naturen.
Flotte bilete:)